nyhende

Nesten ein av fem nordmenn hadde ikkje råd til materielle gode som å gå til tannlegen eller skifte møblar i 2021, ifølgje ei undersøking frå SSB. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB/ NP
Nesten ein av fem nordmenn hadde ikkje råd til materielle gode som å gå til tannlegen eller skifte møblar i 2021, ifølgje ei undersøking frå SSB.

Mange har ikkje råd til ei stor uventa utgift

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Nesten ein av fem nordmenn hadde ikkje råd til materielle gode som å gå til tannlegen eller skifte ut slitne møblar i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Totalt 900.000 nordmenn har ikkje moglegheit til å klare ei uventa utgift på 19.000 kroner, ifølgje levekårsundersøkinga for 2021 lagt fram av SSB.

I fjor var det 300.000 nordmenn som ikkje hadde råd til å reise på ferie og over 150.000 personar som ikkje kunne gå til tannlegen ved behov, ifølgje undersøkinga.

– Undersøkinga vart gjennomført før den høge inflasjonen og straumkrisa i 2022. Det er derfor for tidleg å seie noko om korleis den noverande situasjonen vil slå ut på fattigdomsproblematikken, men det kan vere at ein endå større del av befolkninga vil slite med uventa utgifter i lys av dei aukande prisane, seier seniorrådgivar Mathias Revold i SSB.

Av dei spurde seier så mange som 16 prosent at dei ikkje hadde råd til minst eitt av desse goda: byte ut slitne møblar (9 prosent), bil (6 prosent), gå til tannlegen (4 prosent) eller halde bustaden varm (1 prosent).

I tillegg slit over ein av ti nordmenn med å ta seg råd til «sosiale gode» som å ta ei veke ferie i året (7 prosent), ete eller drikke ute månadleg (4 prosent), delta på fritidsaktivitetar (4 prosent) eller brukte litt pengar på seg sjølv kvar veke (3 prosent).

(©NPK)

Powered by Labrador CMS