nyhende

Stadig fleire vel å fly mellom Stord og Oslo frå flyplassen på Sørstokken.
Stadig fleire vel å fly mellom Stord og Oslo frå flyplassen på Sørstokken.

Mange fleire flyr Oslo-ruta

I perioden april til juli har over 14.000 passasjerar floge med Stord-flyet til Oslo. Det tilsvarar ei tredobling av selde seter samanlikna med siste år, og utgjer ein vekst på 18 prosent samanlikna med rekordåret 2019.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv DAT, flyselskapet som trafikkerer Oslo-ruta,  i ei pressemelding.

Selskapet er ikkje i tvil om at det er FOT-kontrakten som er utslagsgivande. Den har medført fleire avgangar og lågare billettprisar.

27 prosent billigare

Den gjennomsnittlege prisen på Stord-flyet har falle med 27 prosent i forhold til året før, noko som har medført ein betydeleg auke i etterspurnaden etter billettar.

– Me er utroleg glade for den kjempestore oppbakkinga ruta no har fått. Det er tydeleg at dei lavare billettprisane har ein positiv effekt på antalet bookingar, seier Robert Rungholm, kommersiell direktør i DAT.

Snart 30 avgangar igjen

Han legg til at sommerferien snart er slutt, og frå 17. august blir det igjen 30 vekentlege avgangar, inkludert ei tredje dagleg returflyging på onsdagar, torsdagar og fredagar.

FOT-ruter er statens kjøp av flyruter på kortbanettet. Passasjerar kan bestilla Først til mølla-billettar på alle norske FOT-ruter til 499 kroner den første tirsdagen i kvar måned med avreise den etterfølgjande månaden. Ellers startar prisane på 695 kroner.

Powered by Labrador CMS