nyhende

– Trenden er at fleire og fleire vel berenett, eller at dei nyttar plastposen igjen og igjen, seier butikksjef Stig Runar Tveit hos Kiwi. Arkivfoto.
– Trenden er at fleire og fleire vel berenett, eller at dei nyttar plastposen igjen og igjen, seier butikksjef Stig Runar Tveit hos Kiwi. Arkivfoto.

– Mange færre plastposar enn tidlegare

Prisauka på plastposar har gjort ei stor endring i heile Noreg. – Me har og har hatt eit enormt sal av berenett i august, og sal av plastposar har sokke med 40 prosent i same periode, seier butikksjef Stig Runar Tveit hos Kiwi.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har ikkje tal, men det er klart færre, seier Ingunn Jørgensen, tilsett ved Joker Førde.

Førdebuen er ei av mange som har sett verknaden som prisauka har hatt på sal av plastposar.

Butikken har ikkje tal tilgjengeleg for augeblikket, men det treng ho heller ikkje.

– Det er mange færre enn tidlegare. Folk har med seg berenett sjølv, eller om dei ikkje har det så tar dei varene i hendene for å bera det ut i bilen, seier ho.

Biletet som først vart brukt til saka, var eit arkivbilete av Joker Førde. Der blei dessverre ikkje den gamle biletteksten bytta ut. Joker Førde skal ikkje endra opningstider slik det mellom anna stod i biletteksten. Vestavind beklagar.

Færre posar i Valevåg, Førde og Sveio

Eigar av Valevåg Nærbutikk, Per Magnus Grøsvik, kan stadfesta at prisauka har hatt ein stor effekt.

– Ein markant nedgang i plastposar. Dei kjøpar handlenett, elles har dei med sjølve, skriv Grøsvik i ein sms.

Coop Extra på Sveio senter fortel om ei nesten halvering.

– Sidan 1. august har sal av plastposar sokke med 40 prosent, og me har selt 515 nye handlenett, seier butikksjef Rebekka Lye.

Ein klar trend

Rett over gata ligg Kiwi kor butikksjef Stig Runar Tveit tek det heile som gode nyhende for miljøet.

– Me har og har hatt eit enormt sal av berenett i august, og sal av plastposar har sokke med 40 prosent i same periode, seier han.

Tveit har ikkje nøyaktig tal for auka på sal av berenett, men det er fleire hundre prosent.

– Trenden er at fleire og fleire vel berenett, eller at dei nyttar plastposen igjen og igjen, seier butikksjefen.

Samstundes peiker han på at plastposane som ein kjøpar i butikken er laga av 80 prosent resirkulert plast.

Prisauken på plastposar skuldast at Handelens Miljøfond auka miljøkontingenten for plastposar. Då må medlemmene innan varehandel, som er dei fleste daglegvarebutikkar, sjølv setja opp prisane på plastposar.

Mål om 40 posar årleg

Nasjonale tal viser ein sterk reduksjon i kjøp av nye plastposar. Ifølgje P4 har sal av handlenett auka svært mykje. Coop melder 360 prosent fleire handlenett samanlikna med førre august. Meny har selt 270 prosent fleire handlenett sidan 1. august, Kiwi melder 389 prosent og Rema 1000 seier de har tidobla salet.

Dagleg leiar for Handelens Miljøfond, Cecilie Lind, set tal på kor mange færre plastposar det har vore selt.

– Det ser ut som me har brukt 18 millionar færre plastposar berre i august, seier ho til P4.

Handelens Miljøfond har som mål at innan år 2025 er omme, skal kvar nordmann berre bruke 40 plastposar årleg. Dei nyaste tala er frå 2022 og då ligg kvar nordmann på 132, ein reduksjon frå året førre med 151 i 2021.

Powered by Labrador CMS