nyhende
Mange droppar tredjeslåtten
— Veret har vore ei stor utfordring for bøndene denne sommaren, og grasavlingane varierer nok ein god del frå bruk til bruk, seier Steinar Vikse.
Han er både bonde og entreprenør, og har bra oversikt over situasjonen i Sveio. Sjølv driv Vikse med ammekyr og sau. Han har sauene på heimebeite gjennom heile sommarsesongen.
— Eg kom tidleg i gang med førsteslåtten, og resultatet var bra. Andreslåtten var ikkje like bra. Eg hadde også planlagt ein tredjeslått, men har valt å droppa den på grunn av all nedbøren. Det veit eg at også fleire har bestemt seg for å gjera, seier han.
Rekordsein førsteslått
Kjøring på søkkvåte marker med tunge maskinar kan gi store skader på enga. Fôret som blir austa under slike forhold blir dessutan blanda med mykje vatn og jord og får dårleg kvalitet. Sjølv om behandling med konserveringsmiddel hindrar oppblomstring av bakterier.
— På grunn av alt regnet var det fleire som ikkje fekk gjort unna førsteslåtten før i månadsskiftet juni-juli. Så seint har eg aldri slått tidlegare. Andreslåtten er det framleis ikkje alle som er ferdige med.
I Sveio variererer driftsmønsteret mykje frå bruk til bruk. Nokre slår berre ein gong og beitar resten av sesongen. Andre legg under normale forhold opp til to eller tre slåttonner. Som entreprenør tilbyr Vikse både slått, rundballepressing og gjødsling på dei bruka som kjøper tenester av han. Han har 14-15 bønder på kundelista si. Elles i kommunen er det tre-fire entreprenørar som driv med tilsvarande verksemd. Nokre av dei tilbyr berre slått eller berre rundballepressing, fortel Vikse.
Mindre kunstgkjødsel
Det er ikkje berre ver og tidspunkt for slått som har påverka grasavlingane denne sommaren, fortel Vikse vidare.
— På grunn av skyhøge prisar på kunstgjødsel er det nok enkelte som har gjødsla litt mindre denne sesongen. Det har gitt merkbare utslag, særleg på andreslåtten.
Storleiken på avlingane er ein ting, kvaliteten ein annan. I ein situasjon der bøndene er pressa av høge prisar på både elektrisk kraft, diesel, gjødsel og kraftfôr, trur Vikse fleire og fleire vil gjera som han og ta fôrprøver og senda desse til analyse. I alle fall to laboratorieselskap tilbyr slike analysetenester.
— Det er frivillig, men kan løna seg ved at me kan justera bruken av kraftfôr, seier han.
— Inga krise
Rogaland landbruksrådgiving følgjer utviklinga følgjer utviklinga innan jordbruket over heile Haugalandet. Sveibuen Annlaug Fludal er ei av rådgjevarane. Ho deler stort sette Steinar Vikse sine inntrykk.
— Det er inga krise, men heller ikkje noko toppår. Mange kom godt ut av førsteslåtten, men fekk problem med andreslåtten, stadfestar ho også.
Og ho peikar på dei same, særskilte utfordringane som både bøndene og samfunnet elles står overfor dette året: Høge energiprisar som for ein stor del skuldast ringverknader av krigen i Ukraina. Samstundes medfører både krigen og store tørkekatastrofer mange stader i verda at det er svikt i den globale matproduksjonen.
— Auka forståing
— Eg trur dette har ført til at folk i større grad ser verdien av matproduksjon i Norge, seier Gjertrud Svartveit Osmundsen.
Ho er leiar i Sveio Bondelag og følgjer utviklinga med ei viss uro.
— Me i Europa har pengar og kjem til å klara oss. Spørsmålet er om matvarekrise elles i verda vil føra til auka uro i Asia og Afrika, seier ho.
Her heime registrerer ho ikkje berre auka forståing for matproduksjon, men også auka interesse for å dyrka mat sjølv. Ho fekk sjølv oppleva eit eksempel på dette då ho i vår skulle kjøpa setteløk til eigen kjøkkenhage, slik ho pleier. Men ho kom for seint. Butikkane var utselde.
— Eg synest det er bra. Ved å dyrka sjølve lærer folk at matproduksjon krev arbeid, som jordarbeiding, gjødsling og luking. Og denne private matproduksjonen er ingen konkurrent til landbruket, seier ho.
Når det gjeld fôrproduksjonen i Sveio har Osmundsen omtrent same inntrykk som Vikse og Fludal, sjølv om ho understrekar at ho ikkje har oversyn over situasjonen hos alle medlemmene i det lokale bondelaget.
— Hos oss sjølve er volumet middels, men me kom altfor seint i gang og er svært spente på kvaliteten.
Lolkallagsleiaren driv med mjølkeproduksjon og litt gris.