nyhende

Totalt var det rundt 2,9 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i mai i år. FOTO: PEDER SKJELTEN / NPK
Totalt var det rundt 2,9 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i mai i år.

Mai-rekord for utanlandske overnattingar i Noreg

Talet på utanlandske overnattingar auka med 16 prosent ved norske overnattingsstadar samanlikna med same månad i fjor. Det er rekord i mai, skriv SSB.

Publisert Sist oppdatert

Det vart registrert rundt 768.000 utanlandske overnattingar ved dei norske overnattingsverksemdene i fjor. Det er 105.000 fleire overnattingar meir enn i 2022, viser tal frå overnattingsstatistikken til Statistisk sentralbyrå (SSB).

– I mai i fjor såg vi at talet på utanlandske gjester nærma seg nivået vi hadde før pandemien, og i mai i år var utlendingane tilbake i Noreg for fullt. Den svake norske krona kan vere ei viktig årsak til at fleire utanlandske turistar enn før legg turen til Noreg, seier rådgivar Boyd Oyier i SSB.

Powered by Labrador CMS