nyhende

Madelen (12) hadde gleda seg til koronatesten

Det var full rulle i test-teltet i Aksdal onsdag kveld. Bil på bil med skuletilsette og elevar kom køyrande for å få covid-19-testen overstått.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag ettermiddag var det knytt rundt 150 nærkontaktar til læraren på Sveio skule, som seint tysdag kveld, 27. oktober fekk påvist covid-19.

Som kjend blei skulen halden stengt onsdag, men i morgon møter 1.-4. klasse til skulen som normalt, medan heile mellomtrinnet og ungdomstrinnet skal ha heimeskule dei tre neste skuledagane.

Til Stavanger i kveld

For å få oversikt over eventuell vidare smitte, er nærkontaktane, som er i karantene, oppmoda til å testa seg. For å imøtekomma dette, hadde koronasenteret ekstra opningstid denne kvelden.

– Me er veldig service-innstilte, me køyrer prøvane til Stavanger i kveld, slik at me får raske prøvesvar, seier plassansvarleg Evy Kjønø. Det var mange kjentsfolk å treffa på – mellom anna  tidlegare nabo, Asle Halleraker, som hadde kona Monika og dei to døtrene med seg til Aksdal.

Dei som utførte testane visste ikkje heilt ekstakt kor mange prøvar dei hadde tatt til no, men eit anslag var 270 stk.

På film

Yngstejenta Madelen sat i baksetet med eit stort smil, både før og etter testen.

– Ho hadde gleda seg til dette, røper pappa Asle.

– Det gjekk heilt fint, det var gøy, strålar 7. klassingen, som sørgja for å ta opptak av seansen med telefonen – kanskje blir det ein TikTok-video utav det heile?

Det blir litt hosting og harking – og latter då sjåføren blir testa.

– Var eg flink? Får eg ein liten plastdings, spøker familiefaren, som truleg måtte forlata teltet utan premie.

Powered by Labrador CMS