nyhende
— Må visa respekt for slikt
Ein bortgløymd gamal gravlund har grodd igjen. Det orka ikkje fire sveibuar å sjå på lengre. No har dei tatt saka og raka i eigne hender. — Det er fint å halda den i stand, seier Kjell Gunnar Nymark, ein av dugnadsarbeidarane.
Kvar dag sit Torleif Bjelland seg i bilen og køyrer gjennom Løkjavegen. Då ser han ein gamal gravlund kor graset gøymer bort minna av dei sveibuene som har vorte lagt til kvile der.
— Eg synest det er synd at at det ikkje blir halde ved like, seier Bjelland.
Verna
Johannes Flatnes er medlem av soknerådet og har kjennskap til gravlunden.
— Det er ein verna gravplass. Kyrkja har teke ansvar for den lenge, men dei slutta for nokre år sidan. No er det kommunen sitt ansvar, seier Flatnes.
Gravplassen er ikkje lengre i bruk, og har difor ikkje hatt vedlikehald.
— Ein må visa respekt for slikt, seier Bjelland.
— Ideen kom frå at eg og Torleif snakka om kva me kunne gjera, seier Flatnes.
Dei to er del av ein større dugnadgjeng som annakvar tysdag gjer vedlikehald på Sambrukshuset. Bjelland og Flatnes tok difor kontakt med kommunen.
— Me søkte om kulturmidlar for å oppgradera denne gravplassen og den som ligg nedanfor Fjellstad, seier Bjelland.
Dei fekk 3.000 kroner av kommunen, som også stilte med utstyret dei trong for å klippa og fjerna graset. Det synest dei var på tide.
Skal leita meir
— Me har funne fleire gravstøtter 10 til 15 centimeter under graset, seier Flatnes og kostar fram ei av dei.
Den er frå 1896 og tilhøyrer ei kvinne som berre vart 25 år gamal.
— Lengre nedanfor er det ei støtte for ein liten gut. Dottera mi har lese i kyrkjebøkene at han gjekk bort grunna hjernehinnebetennelse, seier Bjelland.
Sidan graset ikkje berre har grodd høgt, men også tjukt, vert det vanskeleg å vera sikker på om ein har funne alle bortgløymde støtter med grasklipping åleine.
— Eg skal henta metalldetektor etterpå, så får me sjå, seier Bjelland.
Dei er takksam for støtta frå kommunen. Viss det er ønskeleg er dei open for å gjera meir vedlikehald, men då treng dei meir støtte.
Ikkje i deira tid
Bjelland og Flatnes held på med kantklippar og grasklippar. Lengre nedanfor finn ein to karar med kvar si rake.
Kjell Gunnar Nymark og Leif Birger Sætre samlar opp graset som er klipt. Dei er samd i at det har vorte ein del.
— Me skulle hatt ei ballpresse, seier Sætre med eit smil.
— Graset er jo tørt og fint, seier Nymark.
Ingen av dei fire dugnadsarbeiderane kan hugsa at gravplassen har vore i bruk.
— Kva synest dykk om å restaurera ein gamal gravlund?
— Det er fint å halda i stand, seier Nymark.
— Det er synd den skal forfalla slik, legg Sætre til.