nyhende
Må svara for livstrugande skader etter knivstikking
Ein 51 år gamal karmøybu er tiltalt for å ha påført ei kvinne livstrugande skadar med kniv.
Det var ved 23.00-tida fredag 24. august 2018, at den då 49 år gamle mannen stakk ei kvinne i magen med kniv. Knivstikket gjekk gjennom bukveggen på kvinna, laga fleire hol på tynntarmen og forårsaka bløding fleire stader i buken. Ho blei livstruande skada, men døydde ikkje som følgje av at ho blei undergitt rask og adekvat medisinsk behandling ved Stord sjukehus. Kvinna var innlagt frå 24.08. til 03.09.18, står det i tiltalen Rogaland statsadvokatembeter har tatt ut halvanna år etter hendinga.
Knivstakk etter krangel
Det var gjerningspersonen sjølv som ringde politiet og fortalde at han hadde knivstukke ei kvinne i ein privat bustad nord i Sveio. Det var ingen vitne til hendinga.
Under avhøyr den same helga kom det fram at det hadde vore ein krangel, og som hadde ført til ein situasjon der mannen knivstakk kvinna i mageregionen. Dei to hadde ein relasjon til kvarandre frå før.
Mannen blei arrestert den same kvelden, men blei lauslaten neste kveld. Han er nå sikta for grov kroppsskade. Sunnhordland tingrett har sett av tre dagar til rettssaka, med oppstart 22. juni.