nyhende

– Må bli betre på marknadsføring

Mange turistar er opptatt av lokalmat når dei skal velje feriemål. Finnmark er fylket med den mest karakteristiske lokalmaten, medan Vestland kjem på ein sterk andreplass.

Publisert Sist oppdatert
 Men sjølv om Noreg er i ferd med å bli ein matnasjon, har vi framleis mykje å lære av andre nasjonar.

Det meiner i alle fall direktøren i Stiftelsen Norsk Mat, Nina Sundqvist. Ho nemner spesielt Italia, men er også imponert over det svenskane får til.

– I Sverige serverer dei kjøttbollar og sild på dei finaste restaurantane. Vi må også få fram hakkasteiken, klippfisken og fleire av dei særeigne matrettane vi har i landet. Den norske matkulturen er så mykje meir enn berre laks. Men vi gjer også mykje bra. Vestlandet har rike mattradisjonar og eit variert tilbod av både lokal mat og drikke, som tydeleg appellerer til besøkande. «Sidersafari» i Hardanger blir stadig meir populært, og denne typen samarbeid mellom lokale produsentar og lokalt reiseliv trekker folk, seier Sundqvist.

Meir enn fjord og fjell

Blant eplemost, syltetøy og andre godsaker frå Sogn finn vi Helene Maristuen. Vanlegvis underviser ho i reiseliv på Høgskulen på Vestlandet, men fritida brukar ho på Smak av Sogn Landhandel der ho både serverer og sel lokalmat frå Sogn. Ho er ikkje i tvil om at vi nordmenn er blitt flinkare til å framheva norsk mat for å tiltrekke oss turistar, men at vi framleis har mykje vi kan bli betre på.

– Vi er ikkje på langt nær flinke nok til å framheve mat og drikke når vi marknadsfører området vårt. Stort sett er det fjell og fjord og kanskje ein isbre å sjå på bileta vi brukar i reklamen. Det kunne ha gjort seg med meir eple, sider og andre flotte råvarer for å tiltrekke oss både norske og utanlandske turistar.

Maristuen har sjølv vore i Toscana i sommar og meiner vi har mykje å læra av italienarane når det gjeld mat og drikke.

– I Toscana handlar det meste om vin og andre lokale spesialitetar når dei skal selje reisemålet sitt. Her heime må vi bli mykje flinkare til å krydre salsplakatane våre med det vi har å by på. Vi har for eksempel vår eigen vri på tapasen her i Sogn. Det er ikkje noko problem å finne lokale skinker og ostar frå området. Og morellar er like lekkert som oliven!

Førstelektoren og landhandlaren trur vi må fokusere meir på lokalmat og drikke i marknadskommunikasjonen. Både frå verksemdene sjølve, men og i den profesjonelle marknadsføringa av regionar og Noreg som destinasjon.

– Vi må løfte i saman med produsentane, avsluttar Maristuen.

Ikkje matnasjon enno

Sjølv om Finnmark og Vestland toppar lista, viser undersøkinga frå Norsk Mat at det er mange som ikkje har ei klar oppfatning om kor dei skal dra for å finne den gode lokalmaten.

– Noreg kan ikkje kalle seg ein ekte matnasjon før fleire nordmenn har ei klar meining om kor dei skal dra for å oppleve vår rike mat- og drikkekultur. Når veit-ikkje-delen er så stor har vi absolutt ei utfordring. Vi må alle gjere meir for å gjere norsk mat og drikke meir kjent. Eg oppfordrar alle til å besøkje lokale produsentar og smake på det beste Noreg har å by på. Sjå gjerne etter Hanemerket langs vegen, då finn du ofte lokale gardar med utsal på eigen gard, seier Nina Sundqvist.

Også matdirektøren ber oss sjå til Italia for å oppdage korleis vi kan bli meir stolte av matkulturen vår. Ho peikar også på Sverige som eit føregangsland som veit å trekke fram dei unike matrettane sine. På eit nyleg besøk hos broderfolket opplevde ho at det var ein slags «bruksrettleiing» på korleis dei forskjellige rettane skulle nytast.

– Det synest eg var ganske lurt, for då slepp vi kanskje at utlendingane tar vaniljesaus på gammalosten eller brun saus på laksen.

Rett frå åkeren

På garden Hauge i Skjolden er bonde og kafeeigar, Elin Hauge i ferd med å bere inn ein kasse med bringebær i gardskafeen. Ho jobbar til vanleg i omsorgssektoren, men brukar sommarferien til å drive gardskafe på familiegarden lengst inne i Lustrafjorden.

– Det er kjekt å kunne tilby turistane bær rett frå åkeren og ikkje sende av garde alt i ein trailer til Oslo. Her kan dei også få hjortepølser frå ein gard litt lengre oppe i dalen og honning frå den andre sida av elva. Eg er ikkje i tvil om at lokalmat er det som trekkjer folk inn i kafeen min. Cruiseturistane synest det er spanande at hjorten som har enda opp som spekemat, har beita på bøen i nærområdet og at saueskinna dei sit på, stammar frå dyra på nabogarden. Men også lokalbefolkninga set pris på at dei får eplemost laga av ein dei kjenner, og kjøper gjerne den framfor å velje brus, seier bonden.

Også Elin Hauge meiner at det er mykje å lære av andre produsentar og er spesielt opptatt av sidebøndene i Hardanger.

– Men vi kjem etter her hos oss også, og det poppar opp nye siderprodusentar. I tillegg er vi som driv med lokalmat, flinke til å samarbeide, og eg sender stadig vekk kundane mine til andre flotte vestlandsbønder og matprodusentar, seier ho.

Powered by Labrador CMS