nyhende

Lytta til laksenaboane

Bremnes Seashore baud på informasjon, ferske tal, kaffi og gjærbakst då dei arrangerte nabomøte måndag denne veka. Lakseoppdrettsgiganten ønskjer å lytta til lokalsamfunnet.

Publisert Sist oppdatert

Ernst Olav Helgesen er driftssjef på sjø i Bremnes Seashore. Han starta møtet med ein presentasjon av bedrifta, utfordringar i næringa og nøkkeltal frå dei tre lokasjonane Tittelsnes, Loddetå og Svollandsneset.

Dette var det tredje nabomøtet på Tittelsnes sidan dei kjøpte eigedommen i 2016. Sjølv om talet på deltakarar har dobla seg, er verksemda ivrig etter å nå fleire.

Streng standard

Bremnes Seashore er aktiv i 11 kommunar, har 23 lokasjonar i sjø, og totalt meir enn 550 tilsette. Helgesen kan opplysa om at dei produserer om lag 500.000 middagsporsjonar med laks kvar dag. Dei har hand om heile prosessen, frå smolt til sløyd fisk på rundt 4-4,5 kilo.

I tillegg til eigne internkontrollar, har Mattilsynet og Fiskeridirektoratet jamleg tilsyn med heile produksjonen. Bedrifta er sertifisert etter internasjonale standardar med fokus på mellom anna matvaretryggleik, miljøvern, HMS og dyrevelferd.

3.000 tonn

Det går om lag 150.000 laks i kvar av merdane i Ålfjorden. Driftsleiar på lokasjon Tittelsnes, Magnar Ervik, visar tal for 2021-generasjonen av laks frå anlegget. 773.575 laks blei sett ut, og etter 464 dagar i sjø blei netto produksjon 3.210.672,4 kilo, altså meir enn 3.000 tonn.

For å halda kontroll med lakselusa blir det gjennomført teljingar kvar måndag. Då blir ein liten del av bestanden henta opp og sjekka for lus før dei går tilbake i merden. Finn ein meir enn ei vaksen holus per to fisk, må ein starta behandling.

Bremnes Seashore har ikkje nytta antibiotika sidan 1992. Ferskvatn er som oftast kuren mot lakselusa.

Helgedagsfred

Dei frammøtte lytta interessert og var for det meste positive til laksenaboen sin. Nokre kritiske spørsmål blei det likevel. Lars Vierdal har hytte på «Loddå» og spurde om ikkje helgedagsfreden gjeldt for oppdrettsnæringa, då det ofte er sjau frå anlegget på Loddetå om søndagane.

Bremnes Seashore lova å sjå på kva det kunne vera. Det blei spekulert i om det kunne ha samanheng med høgtrykkspyling av merdane. På sommarstid må det gjerast ein gong i veka for å halda dei reine til reinsefiskane. Ervik understreka at dei var heilt avhengige av innspel frå naboar for å oppdaga om nokre av anlegga sine rutinar var til sjenanse.

Havbotn

Vierdal stilte og spørsmål om korleis det stod til på havbotnen under merdane, med tanke på avføring frå laksen og matrestar.

Helgesen, driftssjef på sjø, fortalde at lokasjonane i Ålfjorden skårar godt på B-undersøkingar. B-undersøkingar blir utført av eit uavhengig firma som gjennomfører mange grabbprøvar av underlaget kvart år.

Funna gir lokasjonen ein skår frå 1 til 4, kor 4 blir rekna som overbelastning. Anlegga i Ålfjorden ligg på skåren 1 og 2. Helgesen tipsa om to nettsider kor ein kan finna meir informasjon om kvart anlegg: barentswatch.no/fiskehelse og fiskeridir.no/akvakultur.

Sponsorarbeid

1. mai og 1. november er to datoar det kan vera verdt for sveibuen å merka seg. To gonger i året deler nemleg Bremnes Seashore ut midlar til lokale lag, foreiningar og organisasjonar i kommunane der dei driv verksemd.

Med andre ord kan alle lag og organisasjonar i heile Sveio søka om støtte. Alt ein treng å gjera, er å senda ein velgrunna søknad via nettsida deira på seashore.no/sponsor innan fristen.

Powered by Labrador CMS