nyhende
Lystgass vil gi deg lukta av jul
Det nærmar seg juletider, men Lystgass har kjent på den gode stemninga ei god stund allereie. Det har resultert i ei heilt ny julelåt, sjølvsagt framført på dialekt.
Det er dei fire musikarane Brian Lie, Vidar Vikse, Ragnar Enge og Glenn Rand som dannar Lystgass, eit pop-rockband som komponerer tekstar og melodi sjølve, ofte relatert til det gode liv.
Bandet har eksistert sidan 2018, og alle medlemmene har ein relasjon til Sveio. Det er også her det meste av øvingar og innspelingar skjer.
Har kome for brått på
Å gi ut ei julelåt har vore eit ønskje lenge, men gong på gong har jula kome for brått på. I år har dei gjort alvor av tankane og realisert låta. 19. november blir den slept.
– «Lukten av jul» reflekterer over variasjonar i julefeiringane hos folk, kva lukter ein forbinder med den, og ikkje minst kven som skjenkar deg den rette lukta. Desse tankane er inspirasjonen bak teksten, opplyser Lystgass i ei melding til Vestavind.
Vidar Vikse har laga melodien, og Brian Lie har skrive teksten.
Lukkekjensle
For Lystgass-medlemmene er jula er ei tid der ein skal stressa ned, vera med sine nære, nyta god mat og kjenna på ei lukkekjensle.
– Dessverre er det ikkje slik for alle, men me håpar sjølvsagt at alle får ei så fin feiring som mogleg, og at låta vår kan bli eit positivt tilskot i høgtida for alle.
Sidan oppstarten for rundt tre år sidan har bandet gitt ut ei rekke låtar, kanskje har du høyrt nokon av dei på radio? Konsertar har det ikkje vore på ei stund, men dei håpar å gjenoppta slik aktivitet snart.
Planar for 2022
– På grunn av korona-pandemien blei mange planar lagt på is. Likevel har me heile tida fokusert på å laga ny musikk som me kan dela med alle der ute. Nå planlegg me konsertar og fleire utgivingar til neste år, og me håpar å sjå mange og gamle nye fans igjen snart.
Lystgass ønskjer å takka alle som er begeistra for musikken dei lagar.
– Det inspirerer oss til å halda fram med å laga musikk, kvitterer kvartetten, som også skal laga ein musikkvideo til julelåta.