nyhende

Brøyting er ein viktig del av dei nye vegdriftskontraktane. Foto: Bård Asle Nordbø, Statens vegvesen
Brøyting er ein viktig del av dei nye vegdriftskontraktane.

Lyser ut riksveg-kontraktar for 4 milliardar kroner

Publisert Sist oppdatert
NPK: Statens vegvesen lyser i desse dagar ut kontraktar for drift og vedlikehald av riksvegar frå Stavanger i sør til Alta i nord.

Kontraktane er verd 4 milliardar kroner og omfattar totalt 3.120 kilometer riksveg i Troms og Finnmark, Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Innlandet og Viken. Dei vil gjelde for fem år og skal tildelast i løpet av våren.

I samband med tilbodsrunden skal Vegvesenet teste ut nye kriterium for tildeling av kontraktar. Framleis er det prisen som avgjer konkurransen om dei fleste kontraktane, men no skal også klimakutt og oppdragsforståing telje med i vurderingane.

– Pris vil framleis vere viktig for kven som får kontraktane for drift og vedlikehald av riksvegane. Samtidig er Statens vegvesen opptekne av å jobbe saman med entreprenørane for å auke verdien for dei som bruker vegen og for samfunnet, seier direktør for drift og vedlikehald, Bjørn Laksforsmo, i ei pressemelding.

Det blir òg opna for å ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsmetodar undervegs i kontraktsperioden, og for å påskjønne entreprenørar for innovasjon.

Alle nye driftskontraktar har skjerpa krava til miljø og reduserte klimautslepp. Entreprenøren må ta i bruk køyretøy og maskiner med lågare utslepp, og rapportere på drivstoff og energiforbruk.

Laksforsmo meiner asfaltbransjen er eit strålande døme på korleis entreprenørane ikkje berre tilpassar seg nye klimakrav, men leverer betre og raskare enn forventa. Her har klimavekting ført til 13 prosent reduksjon i CO2-utsleppa frå 2020 til 2021.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS