nyhende
Lyser ut pengar til plastrydding
Vestland fylkeskommunen lyser også i år ut 800.000 kroner til plastrydding og førebygging av unødig bruk og spreiing av plast.
I fjor var det ei open utlysing, der nær sagt alle kunne søka. I år går fylkeskommunen for meir målretta bruk av pengane, skriv dei på heimesida si.
– Det er viktig for oss at pengane går til både fysisk rydding og til haldningsarbeid slik at det blir mindre å rydde i framtida. Me ønskjer oss tiltak som engasjerer flest mogleg, og som hjelper oss å nå målet i plaststrategien, som er ein plastfri natur og eit plastfritt hav i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Slik utlysinga er utforma i år, er det friluftsråda og andre større natur- og miljøorganisasjonar i fylket som kan søkja om midlar. Friluftsråda vil igjen kunna hjelpa mindre aksjonar og tiltak i sine område.
I fjor kom det inn til saman 22 søknadar i Vestland om støtte til plastrydding. 16 av desse fekk støtte. Pengane gjekk til større og mindre ryddeaksjonar, og det varierte kor stor del av aktiviteten som var fullfinansiert av Vestland fylkeskommune.