nyhende

Kommunalsjef for teknisk, Kenneth Tollefsen. ARKIVFOTO
Kommunalsjef for teknisk, Kenneth Tollefsen. ARKIVFOTO

Lyser leiarstilling ut på nytt

Sveio kommune lyste ut ledig stilling som einingsleiar for IKT før jul. Då fann dei ikkje rett kandidat. Difor lyser dei stillinga ein gong til.

Publisert Sist oppdatert

Stillinga som einingsleiar for IKT i Sveio kommune vart lyst ut med søknadsfrist til starten av desember i fjor. Då fekk kommunen inn nokre søknadar, men vart ikkje nøgd.

— Me mottok fire søkjarar til stillinga og fekk ikkje tilsett i første runde, seier Kenneth Tollefsen.

Han er kommunalsjef for teknisk i Sveio og kontaktperson for utlysinga

Tollefsen fortel at dei vil gjere eit nytt forsøk.

— Sveio kommune vil lyse ut stillinga som einingsleiar for IKT på ny, seier han.

— Kva slags konsekvensar har det for IKT-drifta i kommunen?

— Det påverkar kapasiteten at me er færre tilsette i ein periode. For å kompensere for redusert kapasitet, nyttar me vår hovudsamarbeidspartnar Atea og andre avtalepartar i større grad enn vanleg i denne tida, seier Tollefsen.

Inntil ein ny vert tilsett er det han sjølv som held ansvaret for IKT.

Powered by Labrador CMS