nyhende

Lyngholm kai. ARKIVFOTO THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Lyngholm kai. ARKIVFOTO THOMAS VALLESTAD DRAGESET

Lyngholm-etterforskinga snart ferdig

Politiadvokat Svein Håland frå Agder politidistrikt seier at etterforskinga rundt drapsforsøket på Lyngholm nærmar seg slutten. Fredag var dei på staden og gjorde undersøkingar.

Publisert Sist oppdatert

— Det står ikkje att all verda av etterforsking. Me ventar på litt tekniske undersøkingar frå Kripos og ein del andre ting, seier Svein Håland.

Politiadvokaten for Agder politidistrikt er leiar for etterforskinga rundt drapsforsøket på Lyngholm. Han er fortel at dei nærmar seg, men er ikkje heilt sikker på når dei er ferdige.

Forslag til påtale

— Det spørs om me vert ferdige på denne sida av sommaren før me tek ut ein påtale, seier han.

Påskeafta vart politiet tilkalla til Lyngholm i samanheng med eit helseoppdrag. Der møtte dei den no sikta gjerningsmannen i nærleiken av kaien.

Hendinga eskalerte og enda med at ein politimann fekk eit hogg frå ein machete i brystplata i politivesten sin. Gjerningsmannen er sikta for drapsforsøk.

Håland og Agder politidistrikt vil senda forslag for påtaleavgjersle til statsadvokaten når dei er klare.

Tilbake på åstaden

— Kva meir gjenstår?

— Eit par vitneavhøyr og rettspsykriatisk undersøking av sikta person, seier Håland.

Han fortel dei ynskjer ein rettpsykriatisk undersøking for å vita om den sikta mannen er tilrekneleg.

Fredag var etterforskarar tilbake på åstaden for fleire undersøkingar.

— Det blei gjennomført krimteknisk oppmåling på åstaden, og tatt bilete og video, seier Håland.

Kva biletmateriale sit dykk på?

— Eg skal ikkje gå inn på kva me har og ikkje har, men ut frå det me har meiner me å ha ein god oversikt over hendingsforløpet og kva som har skjedd, seier han.

Powered by Labrador CMS