nyhende

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, meiner at regjeringas forslag om å auke dei frie inntektene til kommunane ikkje er nok til å løyse den økonomiske krisa i kommunane.

– Løyser ikkje budsjettkrisa i kommunane

Regjeringa vil gi kommunane 6,8 milliardar kroner meir i frie midlar på neste års statsbudsjett. Ikkje godt nok, meiner KS.

Publisert Sist oppdatert

Dei 6,8 milliardane vil vere frie midlar som etter meirkostnader til demografi og pensjon, vil gi eit handlingsrom på 3,6 milliardar. Dette er over 1 milliard meir enn det som vart lagt til i grunn i kommuneproposisjonen før sommaren.

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen seier at kommunesektoren allereie manglar rundt 10 milliardar kroner i år, så neste års budsjettforslag er ikkje tilstrekkeleg.

– Kommunar og fylkeskommunar klarer rett og slett ikkje å finansiere tenestene dei har ansvaret for. Det er dramatisk for innbyggjarane, seier ho i ei pressemelding.

Økonomien i kommunar og fylkeskommunar har forverra seg på grunn av høgare prisvekst, høgare renter og busetjing av flyktningar, hevdar organisasjonen. KS meiner at regjeringa ikkje forstår alvoret i den økonomiske krisa.

– Det handlar om barnehagar, skular, eldreomsorg, kollektivtransport og mange andre tenester som er viktige i folks kvardag. Viss ikkje Stortinget gir kommuneøkonomien eit løft, må dei vere ærlege og fortelje innbyggjarane at statsbudsjettet vil gå ut over tenestetilbodet, seier Helgesen.

Powered by Labrador CMS