nyhende

Løyser dataproblem saman

— Dei eldre lever aktive liv i den digitale verda, men det er mange utfordringar, seier Brit Elin Mølstre. Ho er ein fast rettleiar som hjelper til på datatreff for seniorar annakvar torsdag.

Publisert Sist oppdatert

På Sambrukshuset ein torsdag formiddag sit det ein glad gjeng rundt eit langbord. Dei har samla seg for å hjelpa kvarandre med noko som både er uunngåeleg og nødvendig, livet i den digitale verda.

— Viss du har noko problem kan du koma, og så løyser me det i fellesskap, seier Kirsten Frøvik.

Ho er ein av deltakarane på datatreff for seniorar, eit tilbod tilknytta Seniornett Noreg og drive av frivillige. Her kan dei eldre i kommunen koma og få hjelp til både stort og smått.

Vert tvinga til digitale løysingar

Frøvik fortel at det ikkje er berre berre i ein digital kvardag.

— Det er for mykje å setja seg inn i. Me har ikkje fått det inn med teskei i barndomen, seier ho.

Ved sidan av ho sit John Rønnevik, som er samd med Frøvik.

— Ein får meldingar om alt. E-post, Digipost, Helfo og Helse Noreg, seier han.

— Lurar du på noko får du beskjed om å gå inn på nettet. Sjølv om du veit korleis, er det irriterande, seier Frøvik før ho legg til:

— Så kjem det ei oppdatering, og alt ser annleis ut, humrar Frøvik.

Meiningane deira er ikkje einsame rundt bordet. Dei fleste til stades fortel at dei stadig blir tvinga over på digitale løysingar, utan at dei har opplæring eller mogelegheit til å læra om korleis dei skal navigera.

— Det er eldstemannen vår som brukar banken hos oss. Går eg inn sjølv vert det tull, seier Frøvik.

Mykje å navigera i

Kvar teneste har ofte sin eigen utsjånad. Menyane er annleis frå kvarandre, og korleis ein skal finna fram varierer.

— Det har vorte tungvint. Eg har ein bror på 98 år og ein syster på 86, og dei kan ikkje med data, forklarar Rønnevik.

Dette er berre dømer på møte med det offentlege. Det finnast også svindelforsøk, noko leiar for Frivilligsentralen, Guro Røher Eriksen, kan vitna om.

— Eg fekk nettopp ein e-post om at eg ikkje var heime då nokon skulle levera ein pakke, så eg vart bedt om å klikka på ei lenke, seier ho.

Frøvik, Rønnevik og Eriksen humrar. Uansett alder er ein kvar som er tilkopla internett godt kjent med digital søppelpost og forsøk på svindel.

Aktive liv på nettet

Ein av dei faste rettleiarane er Brit Elin Mølstre. Ho har forståing for at dei eldre synest det er mange utfordringar .

— Dei eldre lever aktive liv i den digitale verda. Det kan vera vanskeleg å finna ut av kvar einaste ting sjølv, seier ho.

— Korleis vart du frivillig rettleiar?

— Ei venninne av meg, Elisabeth Tollaksen Vikse som går her spurte om eg ville vera med, og så vart eg verande, smiler Mølstre.

Både Vikse og ein annan frivillig var sjuk denne torsdagen, så difor var dei nøgd med at Guro Røher Eriksen frå Frivilligsentralen trødde til.

Dei eldre rundt bordet er takksam for Mølstre si hjelp.

— Eg må understreka at eg ikkje har nokon utdanning innan dette, humrar ho.

Menneske over maskin

Ein raud tråd for dei til stades, er kor vanskeleg det er å koma i kontakt eller få hjelp av eit ekte menneske.

Ofte vert ein sendt rundt i ring, enten ein skal leita seg fram på nettsida, trykka forskjellige tal i telefonkø, eller den nyaste utfordringa, ein chatte-robot.

Når ærendet som skal løysast er så viktig som skattemeldinga, vert det ekstra frustrerande. Sosiale medium kan ein leva utan, men Skatteetaten gløymer deg ikkje.

— Då eg skulle inn og oppdatera skattemeldinga fann eg ikkje den igjen, seier Rønnevik.

Ein som hadde hell i uhell var Per Sigurd Wathne. Han hadde opplevd noko nordmenn har gjort sidan dei busette seg her, nemleg å mista noko verdifullt til sjøs.

— Alle kontaktane mine vart borte etter min forrige telefon forsvann ned i havet på fisketur, seier Wathne.

Skulle hatt det fleire stader

Gjennom åra hadde han samla fleire hundretal med vener i kontaktlista som no låg på havbotnen. Var dei borte for alltid?

Saka fekk ein lukkeleg slutt då han fann ut at nesten all informasjon på telefonen som gjekk tapt, er lagra i ei såkalla digital sky.

Eit trykk på den nye telefonen, og så kjem kontaktane susande tilbake i telefonlista hans.
Helge Matre frå eldrerådet sat ved sida av Wathne og var nøgd med korleis det løyste seg.

— Det er veldig bra, og dette er eit viktig tilbod, seier Matre.

Han er positiv til tilbodet, rettleiarane og kva dei får til i fellesskap. Matre er også tydeleg på at det truleg er fleire som ynskjer hjelp, som ikkje var til stades.

— Me skulle hatt det rundt om i kommunen og ikkje berre i sentrum. Det burde ha vore rundt i ulike bygder, seier Matre.

Han viser til sidemannen Wathne som har kome frå Auklandshamn.

Sosialt, fysisk og digitalt på same tid

Matre er sjølv ein av dei som gjev digital rettleiing. Valgjerd Rønnevik fortel at han ordna eit par småting for ho.

Sidekvinna Eva Førde ler litt når ho tek fram ei blokk.

— Eg hadde med meg ei heil liste..

Ikkje alle til stades hadde eit problem dei trengte hjelp til.

— Me er berre sosiale, seier Liv Johanne Garberg.

— Me har ikkje fått noko hjelp, me skal berre kosa oss, seier Ida Eriksen.

— Me drikk kaffi og kosar oss. Vil du ha ein kopp? spør Frøvik.

Powered by Labrador CMS