nyhende

Me møtte fleire på ski denne onsdagskvelden, dei starta turen med å gå motsett veg – ved å først passera klubbhuset til Haugaland golfklubb, og ikkje ta til høgre med ein gong. Det kjem an på om du vil ha ein isete start eller slutt.

Løyperapport frå golfparken

Publisert Sist oppdatert

Dei 18 hola er fylte med snø og greenane likeeins, ikkje optimale forhold for golfarar altså. Men mange finn glede i golfparken likevel, ved hol 9 er det ein lang og fin akebakke, som både skuleklassar og private nyttar seg av.

I dei to turløypene var det onsdag kveld godt med avtrykk etter ski, men ikkje noko spor å gå i. Underteikna var gjennom den lange løypa, som var godt opplyst, og det var mogleg å føta forsvarleg seg på ski det aller meste av turen.

Unntaket var i starten, som også er starten – eller slutten på den korte løypa, då me følgde vegen forbi nedover området der det no blir opparbeida ny driving range. Her er det anleggsveg, den er isete og strødd, og veldig glatt. Her bør ein vera forsiktig med både seg sjølv og skiutstyr.

Slik dekket på mesteparten av den lange turløypa.
Powered by Labrador CMS