nyhende

Lovar moro på dagtid og kveld

Valestranddagen kjem att i 2023, og der vert det kjekt for alle aldrar. Det lovar arrangør Anne Lise Økland. — Det blir hoppeslott for barna og dans på kaien for dei vaksne, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

I fjor vart det ikkje noko av Valestranddagen, men i pinsehelga 27. mai i år er dei tilbake.

— Me byrjar klokka 11.00, då vert det familiearrangement på dagen, seier Anne Lise Økland.

Noko for liten og stor

Ho er ein av arrangørane som for tida planlegg kva som skal skje. Det er mykje spanande som ein skal få på plass.

— Det vert hoppeslott for barna, 4H kjem og held ein villmarksleir. I 2021 hadde dei både lavvo og hengekøye, så me får sjå kva det vert i år. Idrettslaget har kanopadling nede ved sjøen, seier Økland.

I tillegg tenkjer dei på å ha noko barna kan sjå på. Både maskinar og dyr, men det er ikkje heilt spikra enno.

— Viss nokon har nokre spesielle dyr så er det berre å ta kontakt. Me prøver også å få til ei traktorustilling, og mogelegvis ei større maskinutstilling, seier ho.

Når ein kosar seg flyg tida seiest det, og plutseleg vert det kveld.

— På kvelda vert det fest og dans på kaien, seier Økland.

Oppgraderer scena

— Vert det live musikk?

— Det vert live musikk med ei gruppe som heiter Gardsbruk, og Nappen band med vener. Og mogelegvis ei ekstra overrasking, seier ho lurt.

Denne gongen har dei har leigd inn profesjonelt utstyr til scena.

— I 2021 hadde me ein defekt trailer som scene, men i år oppgraderer me, seier Økland.

— Ein trailer høyrest jo ut som ei stilig scene?

— Ja, det var jo det, men lyden kom ikkje heilt ut som me ynskte, forklarar ho.

Vurderer anna kvart år

Valestranddagen er eit samarbeidsprosjekt med dei andre organisasjonane i bygda, og ho gjev ros til alle som bidreg.

— Trenger dykk frivillige?

— Ja, det vert ulike dugnadsgjenger. Og dei som vil ha ei salsbu kan ta kontakt, seier Økland.

I utgangspunktet er Valestranddagen noko årleg, men sidan det er fleire ting som brukar å skje på den tida vurderer dei å endra det.

— Det er jo om lag same gjengen som organiserer både Valestranddagen og Kulturfestivalen. Så me snakkar saman internt om me kanskje skal byrja med anna kvart år for dei to festivalane, seier ho.

Powered by Labrador CMS