nyhende
Lovar lys innan få dagar
I løpet av få dagar, helst før helga, skal det bli lys igjen i Fagerland-krysset, lovar direktør for kommunikasjon og kundeservice i Haugland Kraft, Gunn Margareth Lassesen.
Ho har sett lesarinnlegget til Dagfinn Fagerland Bjørge i Vestavind, som også svært mange andre har fått med seg og kommentert. Feilen på veglyset i Fagerland-krysset blei meldt til Haugaland Kraft i oktober, men er enno ikkje retta.
– Det er ikkje normalt at det går så langt tid før feil på veglys blir retta. I dette tilfellet har det samanheng med at ei linje skal leggast om og fleire stolpar skiftast ut. Det har også samanheng med gravearbeid som skal utførast. Det er altså ikkje berre å skifta ei lyspære, forklarar Lassesen.
Mellombels løysing
Alle avklaringar med fylkeskommunen, kommunen og nettselskapet Fagne i samband med dette arbeidet, er ikkje på plass. Etter at lesarbrevet blei publisert, har likevel Haugaland Kraft bestemt seg for ei mellombels løysing som Lassesen håpar skal gi lys i krysset i løpet av denne veka.
På Haugaland Kraft si nettside finst det eit kart der publikum kan merka av og melda inn feil på veg- og gatelys i heile selskapet sitt område. Nett no er det registrert sju slike feil i Sveio kommune.
– Kor lang ventetid er det vanlegvis før slike feil blir retta?
Jamleg tilsyn
– Avtalen vår med Sveio kommune er at me fører jamleg tilsyn med veglysa mellom 1. august og 30. april. Me prioriterer skulevegar og busstopp som blir brukte av elevar, slik som i dette tilfellet. Er det andre feil i nærleiken, tar me sjølvsagt dei i same slengen, seier Lassesen.
Dagfinn Fagerland Bjørge, som skreiv lesarinnlegget, er godt nøgd med at Haugaland Kraft no tar tak i saka og sørgjer for lys i det trafikkfarlege krysset innan kort tid.