nyhende

— Lov å håpa på polopning til hausten

Arbeidet med å få Vinmonopolet til Sveio held fram. Kommunen håpar på søknad i løpet av sommaren, sjølv er Vinmonopolet meir avventande. — Me håpar at det nærmer seg kontraktsignering, seier Jens Nordahl, presseansvarleg hjå Vinmonopolet.

Publisert Sist oppdatert

Nyheita om at Vinmonopolet skal kome til Sveio vart godt teken i mot i fjor. For dei som ventar i spenning, kom det ei oppdatering på kommunestyremøtet måndag kveld.

— Vinmonopolet har varsla søknad om godkjenning av lokalisering av eit nytt pol, sa rådmann Jostein Førre.

Ynskjer framgang

Han fortel at ein eventuell søknad som kjem i løpet av sommaren vil behandlast på sommarfullmakt. Då får kommunen mynde til å behandla saker som vanlegvis skal røystast over av dei folkevalde. Slik håpar dei at prosessen kan gå så raskt som mogeleg.

— Viss ikkje må me venta til hausten, sa Førre om saka.

Vinmonopolet bekreftar at dei er i dialog med ein utleigar.

— Det er ein prosess som kan ta nokre månadar. Me hadde eit håp om at det kunne ha gått veldig fort, og det kan det fortsatt gjera om me får unna papirarbeidet før sommaren, seier Jens Nordahl, presseansvarleg.

Ligg normalt an

Årsaka er at sjølv om det finst ledige lokale i Sveio sentrum, er ingen av dei klare til å flyttast inn i.
Vinmonopolet har ei rekke krav til sine butikkar, nokre av dei kan krevja ombygging. Difor er ferdigstilling framleis uklart.

— Eg er ikkje kjent med at me er ferdige med å teikna korkje butikk eller kontrakt, men med god flyt i prosessen dei neste vekene har me fortsatt ein sjanse til å landa papirarbeidet på denne sida av sommaren seier Nordahl.

Sannsynlegvis kjem Vinmonopolet på Sveio senter. Dei har eit lokale som for tida ikkje er i bruk. Eigar av det såkalla Kiwi-bygget på andre sida av gata fortel at dei ikkje er involvert. Då står berre Sveio senter att.

Nordahl forklarar at Sveio ligg normalt an samanlikna med tida det brukar å ta for å etablera eit nytt vinmonopol.

— Det er framleis lov å håpa på ei opning til hausten, seier Nordahl.

Powered by Labrador CMS