nyhende

NB: Det er ingen restriksjonar på bruk av biletet, trass i at det er merka slik.
bloggar til tv-sendingar og stadionreklame. Monica Alisøy Kjelsnes i Lotteritilsynet seier den nye trenden er aggressiv og personretta reklame via sms og e-post Det er akkurat like ulovleg.

Lotteritilsynet åtvarar: – Styr unna desse nettspel-selskapa

Fleire nordmenn blir lokka til å spele ulovlege pengespel og tapar skyhøge summar på kort tid. Om dei likevel slumpar til å vinne, kan norske bankar no effektivt stoppe utbetalinga av gevinsten.

Publisert Sist oppdatert

Jobbar med blokkering

I tillegg til tiltaka som allereie er innførte for å svekkje posisjonen til utanlandske spelselskap i Norge, jobbar regjeringa no med innføring av såkalla DNS-blokkering (Domene Namn System-blokkering).

Det inneber blokkering av nettsidene til utanlandske spelselskap som rettar seg mot den norske marknaden. Systemet koplar domenenamnet saman med IP-adressa til ein tenar på internett, og fjernar koplinga mellom ei bestemd DNS-adresse og ei IP-adresse. Tilgangen til sida blir dermed broten.

Det er også mogleg å blokkere IP-adresser. DNS-blokkering blir truleg innført frå neste år.

– 1 av 5 nordmenn veit framleis ikkje kva som er lov. Dei ser heller ikkje forskjell på lovlege og ulovlege spelselskap, og ofte er dei utanlandske spelselskapa forkledde som norske, seier seniorrådgjevar Monica Alisøy Kjelsnes i Lotteritilsynet i Førde til NPK.

Ho fortel at fleire utanlandske selskap den siste tida har prøvd å lokke til seg norske kundar ved å sende sms og e-post der dei tilbyr bonusar og gratisspel. Det er ulovleg, på line med all anna marknadsføring av pengespel som ikkje har løyve i Noreg.

– Selskapa er ofte små, men dei er mange. Shotz, Rizk, Verde Casino, Viggo Slots, Sugarcasino, Slots Palace og Norsk Casino er blant dei som driv personretta og aggressiv marknadsføring på sms og e-post og som vi vil råde folk til å halde seg langt unna, seier Kjelsnes.

Langvarig legitimert

Større utanlandske selskap som Unibet, Betson og Come On har i årevis drive tung reklame for utanlandske onlinespel på kanalar som TV3, TV6 og Eurosport. Sjølv om tv-stasjonane sender frå utlandet, har dei retta seg mot eit norsk publikum.

Sidan 2021 har Medietilsynet hatt høve til å påleggje tv-distributørane reklamestopp, og frå 1. januar i år vart all den ulovlege reklamen borte.

– Vi har gått direkte på dei store selskapa og pålagt dei å stoppe alle tilbod retta mot Noreg. Fleire av dei er no i ferd med å trekke seg heilt ut. Den langvarige ulovlege marknadsføringa har likevel fått fleire til å tru at selskapa opererer legitimt her i landet, seier Kjelsnes.

Skyhøg risiko

I Noreg er det berre Norsk Tipping som har lov til å tilby oddsspel og kasinospel på nett. Dei har likevel ikkje lov til å tilby spelarane sine bonusar eller gratisspel, og må også sjå til at spelarane aldri tapar meir enn 5.000 kroner på til dømes nettkasinoet deira i løpet av ein månad.

Hjå dei utanlandske spelselskapa finst det ikkje noko tak for kor mykje folk kan gamble bort. I dei mest farlege spela kan folk spele bort både hus og heim utan å bli stoppa.

– I somme av dei ulovlege spela kan ein tape fleirfaldige tusen på få minutt. Dei brukar aggressive og avhengigheitsskapande verkemiddel som gir skyhøg risiko for å spele bort veldig mykje pengar. Vi høyrer om folk som har tapt fleire millionar og enda opp i eit skikkeleg økonomisk uføre, seier Kjelsnes.

Gevinstar som glipp

Lotteritilsynet har lenge jobba for å redusere talet på nordmenn med pengespelproblem, mellom anna gjennom tilsyn med reklameforbodet og det såkalla betalingsformidlingsforbodet. Betalingsformidlingsforbodet inneber at norske bankar og andre som tilbyr betalingstenester har plikt til å stoppe pengeoverføringar til og frå utanlandske spelselskap.

Det gjeld ikkje berre innsatsen spelarane sjølve set inn. Det gjeld og om nokon skulle vere så heldige å vinne pengar. Kjelsnes seier Lotteritilsynet er blitt kontakta av fleire spelarar som har fått problem med utbetaling av høge gevinstar.

I eit forsøk på å omgå betalingsformidlingsforbodet, brukar fleire av spelselskapa også såkalla tredjepartsløysingar, der pengane blir formidla gjennom andre enn bankane. Det er like ulovleg, men kan vere vanskelegare å oppdage.

–Vi har fått på plass gode verkemiddel for å stoppe dei ulovlege selskapa, men det er framleis mange nordmenn som blir lurt til å spele. Det ser vi svært alvorleg på. Det er ikkje forbode å spele utanlandske pengespel, men om det oppstår problem med utbetaling av gevinstar, har ikkje vi som tilsyn moglegheit til å hjelpe, forklarar ho.

23.000 med spelproblem

Estimat Lotteritilsynet har gjort, viste at nordmenn la att 1,8 milliardar kroner på dei ulovlege nettspela i fjor. Dette er pengane som vart brukt og tapt etter at gevinstane var utbetalt. På tilsvarande lovlege norske pengespel la vi att 3,3 milliardar kroner.

Ifølgje ei undersøking frå UIB, har talet på såkalla problemspelarar blitt halvert frå 2019 til i dag. Dei er likevel framleis alt for mange, meiner Monica Alisøy Kjelsnes. I Noreg i dag reknar ein med at rundt 23.000 har speleproblem. I tillegg er 93.000 personar i risikosona, fortel ho:

– Spelproblem får ikkje berre store personlege og økonomiske konsekvensar for den einskilde. Det fører til mykje psykisk uhelse, kriminalitet, samlivsbrot, arbeidsløyse og i verste fall sjølvmord. Heile familiar blir i stor grad råka. For samfunnet kostar spelproblem fleire milliardar kroner kvart år.

Powered by Labrador CMS