nyhende
Lokalt bryggeri måtte slette alt på sosiale medium
Helsedirektoratet har stramma kraftig inn på kva som reknast som alkoholreklame. Det har råka bryggeri hardt over heile landet. Salamander Bryggeri i Sveio har sletta alt på sin Facebook for sikkerheit skuld. — Du har omtrent ikkje lov å vise eit bilete av ein tank, seier dagleg leiar Roar Askeland.
— Dei ser på alt me legg ut som reklame, fordi me ynskjer merksemd og at det kan assosierast med produkta våre, seier Roar Askeland.
Som dagleg leiar for Salamander Bryggeri i Sveio er han ein av dei som vart råka av Helsedirektoratet sine nylege innstrammingar.
Nye innstrammingar
Bryggeri over heile landet har måtte sjå over sine sosiale medium for det som kan tolkast som ulovleg reklame.
Inntil nyleg har det til dømes ikkje vert noko problem for bryggeri og alkoholprodusentar å la publikum sjå kva dei har vorte tagga i av andre.
Det meiner Helsedirektoratet kan reknast som reklame, sidan produsent vidareformidlar positiv omtale av eiget produkt.
Salamander Bryggeri la nyleg ut ei pressemelding der dei fortalde at dei har fjerna omtrentleg alt, for å vere på den sikre sida. Askeland fortel at det er mykje som ikkje er avklart enno.
— Me er litt i villreie om kva me skal våga å leggje ut, seier han.
Salamander ventar på svar frå Bryggeriforeininga, som forsøker å finne tydelege grenser i dei nye signala frå myndigheitene.
Gjer det vanskeleg
— Kva betyr sosiale medium for dykk?
— Når me annonserer at me har opent for utsal så har det jo hatt ein effekt. Det som me kanskje opplever mest er at ting vert delt og folk får meir innsyn i kva me held på med.
Askeland understrekar at både han og Salamander er for eit forbod mot alkoholreklame. Problemet er den nye tolkinga.
— Du har omtrent ikkje lov å vise eit bilete av ein tank. Me har ikkje lov å leggje ut bilete tekne innanifrå bryggeriet. Sånn oppfattast lovverket nå, seier han.
Bryggerisjefen påpeikar at det vil verte svært vanskeleg å reklamere for andre aktivitetar og tilbod om det fortset slik.
— Korleis skal me til dømes vise at me tilbyr ølsmaking? Spør Askeland.