nyhende

Oddvar Bauge og Einar Vestvik var med på å samla inn klede i Auklandshamn laurdag. Bauge, som har vore kystbuss-sjåfør i fleire år, var òg sjåfør på den lånte lastebilen. FOTO: PRIVAT
Oddvar Bauge og Einar Vestvik var med på å samla inn klede i Auklandshamn laurdag. Bauge, som har vore kystbuss-sjåfør i fleire år, var òg sjåfør på den lånte lastebilen.

Lokale viste stort engasjement for Ukraina

Under innsamlingsaksjonen i Sveio i helga kom det inn heile 11.000 kroner, fire madrasser og 134 sekkar med klede, sengetøy og teppe.

Publisert Sist oppdatert

— Det var gledeleg å vera vitne til det store engasjementet under innsamlinga i helga. Folk har vist at dei er svært engasjerte, bryr seg og ynskjer å hjelpa, seier Einar Vestvik, som leiar Pinsekyrkja Filadelfia i Auklandshamn.

På laurdag arrangerte dei innsamling på Auklandshamn, der folk frå Sveio kunne levera ifrå seg mellom anna klede til Ukraina.

No står fire madrasser og 134 sekkar med klede og teppe på Vormedal skule på Karmøy; klare til å leggja kursen i retning søraust. Traileren som skal til Ukraina, vil truleg køyra nedover anten i morgon eller på onsdag, ifølgje Vestvik.

For dei fire stadene Auklandshamn, Haugesund, Åkrehamn og Sauda kom det inn 625 sekkar med klede og nærare 40 madrasser.

Her vert sekkane frå Sveio lossa ved Vormedal skule på Karmøy. I framgrunnen med sekketralle Svein Olaf Ødegaard frå Haugesund. Han er tilsett på skulen og representerer dessutan pinsekyrkja Tabernaklet i Haugesund, som òg hadde innsamling i helga.

Har hjelpt sidan 1992

I ei årrekkje har Vestvik vore aktiv innanfor hjelpearbeid i Ukraina.

Kyrkjelyden har hatt innsamlingsaksjon kvar haust i mange år. Ekstra-innsamlinga no i vår har i hovudsak samanheng med Ukraina-krigen som har herja dei siste par vekene.

Det er stiftinga Open Heart som reiser nedover med gåvene. Den kristne hjelpeorganisasjonen vart grunnlagd av haugesundaren Halvard Hasseløy og har drive hjelpearbeid i Aust-Europa sidan 1982. I Ukraina har arbeidet halde på sidan 1992.

Oddvar Bauge, Lillian Lund Vestvik og Lydia Stueland var nokre av dei friviljuge medarbeidarane som tok imot madrasser og sekkar med klede og anna ved Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn på laurdag. Lastebilen, som vart brukt til intern transport på Haugalandet, vart utlånt gratis av transportfirmaet til sveibuen Gustav Eidsvåg. Kleda frå Sveio vart frakta til mellomlagring på Vormedal skule. Der vert dei henta av traileren til Open Heart i laupet av dei komande dagane.

Vil lengst mogleg inn i Ukraina

Vestvik fortel at målet er å frakta gåvene inn i Ukraina, ikkje berre til grensa.

— Mange menneske har ikkje sjanse eller ressursar til å flykta frå landet og må difor verta verande i det krigsherja landet. Me veit at reisa nedover er risikabel, og at det er mange avgrensingar på vegen, som til dømes øydelagt vegnett.

Men dette skal ikkje setja ein stoppar for hjelpa som vert send.

— Me må likevel gjera så godt me kan og hjelpa så mange som mogleg, legg Vestvik til.

Han har observert ei positiv haldning blant folk kring seg og er takksam for hjartevarmen dei har vist i samband med den nådelause Ukraina-krigen.

Powered by Labrador CMS