nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Lokale smitteverntiltak blir vidareført

Dei lokale anbefalingane om smittevern for Haugalandet bu- og arbeidsmarknadsregion gjeld også i tidsrommet frå 1. mars til og med 15. mars 2021.

Det er framleis eit pågåande korona-utbrot i Haugesund. Det er derfor ønska at kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Bokn, Utsira og Vindafjord utset arrangement om private samankomstar på offentleg stad, som samlar fleire enn ti personar innandørs ei stund til.

Dei lokale anbefalingane som blei kjente 22. februar, gjeld enda:
  • Arrangement og private samankomstar innandørs på offentleg stad kan gjennomførast
    med inntil 10 personar.
  • Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.
  • Arrangement innandørs med inntil 100 personar i fastmonterte sete er tillate.

Den nasjonale letta om inntil 100 personar på tilviste plassar, gjeld ikkje for vår region fram til og med 15. mars.

Pressemeldinga som kom måndag ettermiddag, er signert rådmenn og kommunedirektør for dei sju kommunane.

Powered by Labrador CMS