nyhende

Gullmedaljevinnar Torbjørn Sexe med to andre medaljevinnarar frå Karmøy. T.v. John Roald Lohne, som tok sølv i -105kg-klassen. Tomas Janhauskas tok bronse i -93kg-klassen. FOTO: PRIVAT
Gullmedaljevinnar Torbjørn Sexe med to andre medaljevinnarar frå Karmøy. T.v. John Roald Lohne, som tok sølv i -105kg-klassen. Tomas Janhauskas tok bronse i -93kg-klassen.

Løfta til NM-gull

Sveibuen Torbjørn Sexe slo like godt til med gull i sitte første NM i styrkeløft. Totalt løfta han 650 kilo i sin klasse. — Eg hadde meir å gå på, seier Sexe.

Publisert Sist oppdatert

Årets NM utstyrsfritt veteran blei arrangert i Gressvikhallen i Fredrikstad i helga og samla over 120 deltakarar. Sexe stiller i veteran 40-49-120kg-klassen. Ingen småkar med andre ord, sjølv om han berre er 109 kilo.

Han løfta fleire gonger si eiga vekt i dei ulike øvingane, og under NM blei det 230 kilo i knebøy, 150 kilo i benkpress og 270 kilo i markløft. Til saman 650 kilo, og 20 kilo meir enn nummer to i klassen.

Sikra sigeren

— Eg hadde meir å gå på, men valde å ro i land sigeren med trygge løft. Tar du for hardt i og mislukkast, kan du mista verdifulle poeng, seier Sexe, som synest det er stas å ta med gullet heim til Sveio i første forsøk.

Han har løfta vekter i mange år, mellom anna på Albatross, men har ikkje konkurrert før det siste året. No er han medlem i Karmøy Styrkeløftklubb og deltok i sitt første stemne i april i fjor. Då løfta han 600 kilo totalt. Det kvalifiserte han til årets NM.

Trenar tre timar i veka

— Eg deltok også på to stemner til i juni og august i fjor. Fram mot NM har eg hatt eit eige opplegg med trening jamnt og trutt kvar veke. To veker før NM gjekk eg over til lette vekter, og siste veka før konkurransen handla det om total kvile og å eta, fortel Sexe, som med sine 40 år var den yngste i klassen.

Han trenar på Tysværtunet der det er gode treningsfasilitetar og meir utstyr tilgjengeleg enn i Sveio. Om du trur at NM-gull krev mange timar med vekttrening kvar veke, tar du feil.

— Eg trenar maks tre timar i veka fordelt på to-tre økter, og aldri meir enn ein time om gongen. Går eg over det, brukar eg mykje energi unødvendig. Treninga er basert på kva som passar best for meg og råd frå andre, seier den ferske noregsmeisteren.

Ser fram mot EM

— Kva er neste mål?

— Først regionmeisterskapen på Karmøy i august. Når der er unnagjort, har eg nok stemner til å kunna delta i EM i neste år. Der kan allting skje.

Sexe bur på Krossleite, og jobbar til dagleg som prosjektleiar for Imenco. Dei leverer smarte løysingar til oppdrettsnæringa, frå enkeltdelar til høgteknologi.

Powered by Labrador CMS