nyhende
Livsvisdom frå eit ungt bubil-liv
– Bubilfolk er ikkje ein type menneske. Vi har sikkert ikkje dei same grunnane for kvifor vi har bubil, og heller ikkje dei same tinga vi likar med bubillivet. Men sjølv om økonomien, behova og ønskja er ulike, så opplever vi alle truleg den same, deilige fridomskjensla.
Fordommar for fall
No er hjulhytta i bruk året rundt til både korte og lange turar, men fekk i starten ei litt lunken mottaking frå hennar side. Stine Mari var nemleg forsynt etter alle campingvogn-feriane i barndommen med foreldra sine. Entusiasmen har derimot bygd seg kraftig opp med åra, og alle fordommane hennar har gått på ein smell.
Gjennom personlege erfaringar og kunnskap frå ekspertar har ho no skrive inspirasjonsboka «Bobil. Opplevelser for livet» for nye bubileigarar eller dei som er litt nysgjerrige på korleis livet i ein bubil kan vere.
Vi er nemleg mange som innbiller oss korleis bubillivet er og ikkje minst kven det er for. Ein del assosierer camping som harry, eller at det er negativt ladd. Kjende Tv-seriar om campingfolk har også skapt eit bilete i retning av at campingentusiastar er overvektige, elskar å sole seg, festar og grillar og har litt dårleg smak. Men ein skal som kjent ikkje skjere alle over ein kam.
– Kva fordommar hadde du før du møtte «Bob Kåre»?
– Eg forstod ikkje kva som var gøy med bubil. Eg meinte at folk med ein slik bil berre køyrde til ein campingplass og stod der for å grille og drikke øl. Det appellerte ikkje til meg og eg syntest eg var for ung. Eg har mange kjekke minne frå campingferiar som barn, men det var ikkje så moro at eg ville gjenta det som vaksen – eg ville oppleve meir, seier Stine Mari Velsvik til Nynorsk pressekontor.
Ingen arketype
– Finst det ein typisk bubilbrukar ?
– Før hadde eg ei formeining om at det berre var ein viss type menneske som dreiv med sånt og at det ikkje var for unge folk. Og statistisk finst det typiske bubilentusiastar. Blant dei som har bubil er det flest heterofile par, gjerne pensjonistar med litt høgare utdanning og betre økonomi. No ser vi derimot at folk stadig brukar bubil på nye måtar. Ein trend heiter Van Life og appellerer meir til yngre, fortel Velsvik.
Ho refererer til vanlife, eller livet i ein van om du vil, som er blitt ei internasjonal, nomadisk rørsle eller livsstil som representerer fridom, reising, eventyr eller minimalisme. Bilen ein bur i er ikkje nødvendigvis ein tradisjonell bubil, men kan vere ein ombygd og innreia gammal varebil til dømes.
– Så bubillivet og -folka var i grunnen så annleis og variert enn eg hadde sett føre meg, at eg føler eg har avslørt ein løyndom. Det er flaut å innrømme eigne fordommar, men samtidig veldig gøy å utforske dei og få eit meir tydeleg bilete av kva ein går rundt og tenkjer, seier Velsvik.
Stor fridomskjensle
– Kva er det fine med bubillivet som du har oppdaga ?
– Eg er mest fascinert av fridommen. Du kan dra kor du vil, når du vil, og er ikkje avhengig av å bestille overnatting eller billettar. Du har «huset» med deg og kan styre deg sjølv, sjølv om du ikkje er heime. Dette livet og reisemåten er spontant, enkelt, ikkje så dyrt og krev ikkje så mykje.
– Noko av det eg hadde misforstått med fordommane mine, var forskjellen på bubil som aktivitet, og bubil som base for andre aktivitetar. Begge delar kan vere like bra, men det var ved å oppdage det siste at potensialet vart klart for meg. Utanfrå ser du berre dei store kvite bilane med folk i klappstolar. Du ser ikkje alt dei opplever, forklarar Velsvik, som har to små barn som er med på alle bubileventyra.
– Korleis er det å ha med barn på slike bilferiar ?
– Eg trur ungane kosar seg på bubiltur. Vi står ikkje parkert på campingplassar, men der vi får lyst. Det skal vere kjekt for ungane også, så det må vere litt aktivitetar på alle sine premissar. Bubil er ei tilpassingsvennleg ferieform og reisemåte. Vi håpar jo ungane får fine minne frå familieturane, men om dei blir bubilentusiastar som vaksne spelar inga rolle, seier Stine Mari Velsvik.
I åra med bubil har ho snakka med mange som er både nysgjerrige og skeptiske til det å feriere i ein bil.
– Inntrykket er likevel at veldig mange, og stadig fleire, går rundt og drøymer litt om å dra på bubiltur. Og når ein først har oppdaga løyndommen eller poenget, får ein konstant lyst til å reise på tur og få fleire opplevingar og minne, seier bubileventyraren, som hevdar det er meir enn nok moglegheiter med bubil til å fylle eit heilt liv med opplevingar.
(Kjelde: OFV Statistikk )
(©NPK)