nyhende
– Livsstilen vår er skuld i både hamnespy og brunsniglar
Brunsniglar, hamnespy, pukkellaks, sitkagran og stillehavsøsters. Dette er blant dei mange framande og uønskte artane som spreier seg rakst her i landet, og som truar med å trengje bort artar som naturleg høyrer heime her.
– Framande artar i norsk natur er eit tydeleg miljøproblem. Samstundes er det ingen tvil om at måten vi lever på er årsaka til problemet.
Det meiner forskar Marit Ruge Bjærke ved Universitetet i Bergen. Ho har skrive boka «Natur på ville veier?» der ho ser på konfliktane som oppstår når vi forvaltar framande artar i norsk natur, og korleis måten vi lever på er med på å forsterke problemet.
Ein framand art er definert som ein art som er flytta til ein stad der han ikkje kunne ha spreidd seg sjølv naturleg. Naturpanelet til FN har slått fast at 37.000 artar kan kategoriserast i denne gruppa. Skadelege blir desse artane når dei spreier seg og trengjer ut dei eksisterande artane.
Ruge Bjærke peikar på at skadelege, framande artar er ein av dei fem viktigaste årsakene til at naturmangfaldet på jorda blir mindre.
Blir med på flyttelasset
Mange av miljøproblema våre har oppstått fordi vi menneske absolutt skal flytte på ting. Vi flyttar jord og transporterer vatn, importerer plantar og alar opp dyr. Og vi flyttar oss sjølve, stadig raskare og over stadig større avstandar. Dei framande artane blir med på flyttelasset.
Lista over framande artar som har slått seg ned i norsk natur, og som veks og trivst, er lang. Vi kjenner godt til debatten om pukkellaks, kongekrabbe, stillehavsøsters, hamnespy, brunsniglar, japansk drivtang, lupinar og sitkagran. Til og med det vakre og velduftande syrintreet er ein uønskt art i Noreg. Og hovudårsaka er at syrinen spreier seg til andre område, og at han ta med seg plantesjukdomen «greindrepar».
– Vi har alltid teke med oss ting frå andre land, men den store utfordringa i dag er, til liks med andre miljøproblem, at verdshandelen har auka enormt. Og dette medfører også ein kraftig auke i alle former for transport. Og reisene går så mykje fortare i dag enn dei gjorde før. Det gjer at mange fleire artar kan overleve ei reise, seier ho.
Ruge Bjærke fortel at ballastvatn og plantar og dyr som festar seg på skroget av skip, er ein versting når det gjeld havet. På landjorda er flytting av plantar ei viktig årsak til problema.
Moralske spørsmål
– Felles for mange av dei framande artane som kjem til Noreg, er at dei er svært hardføre og såleis trivst i den norske naturen. Ta sitkagran til dømes. Dette er ein art som ikkje høyrer heime i norsk natur, men som veks veldig bra. Ho toler saltet i lufta og kraftig vind, og kan spreie seg i stor fart. Eg oppfattar det slik at det blir tona ned at det er ein framand art, fordi det er lønsamt for skogbruket. Det same gjeld kongekrabben, som har vorte ei lønsam næring for mange fiskarar i nord. Forskinga mi viser at sektorane ofte gjer eit aktivt arbeid for å tone ned at økonomiske lønnsame artar også er framande, seier Ruge Bjærke.
– Ein gjennomsnittleg norsk hage er full av plantar som eigentleg ikkje høyrer heime her. Og når ein flyttar plantar, flyttar ein også jord. Og då følgjer alle dei små organismane som er i jorda med på lasset. Vi veit at dette er eit problem, men samstundes vil vi gjerne ha desse vakre plantane i hagane våre. Det er eit moralsk dilemma, legg ho til.
Ho brukar stillehavsøstersen som eit døme. Denne arten vil helst ha rundt 20 grader i sjøen for å gyte. Utviklinga med stadig varmare hav gjer at han kjem stadig lenger nord. I dag er stillehavsøsters registrert heilt opp til Møre og Trøndelag, men Marit Ruge Bjærke trur han vil halde fram ferda si nordover.
Det er stadig dugnadar for å fjerne østersen frå strendene, og styresmaktene brukar sterke ord når dei fortel om krisa. Det blir brukt påstandar som at vi blir invaderte av stillehavsøsters, og at det er naudsynt å gå til krig mot han.
– Er det moralsk rett å gå til krig mot denne østersen, når det er livsførselen vår som har flytta han? Vi importerer mykje østers frå Frankrike, som er størst i verda på oppdrett av denne delikatessa. Altså vil vi gjerne ha stillehavsøstersen på matbordet, og vi vil at han skal dyrkast. Men samstundes vil vi ikkje ha han på strendene våre, seier forskaren.
Fryktar svinepest
I boka si tek Marit Ruge Bjærke føre seg fleire av framandartene i Noreg som har vorte eit problem.
– I det siste kapittelet kjem eg inn på villsvinet. I dei svenske skogane spring det 300.000 villsvin rundt. Så det er berre eit spørsmål om tid før dei spreier seg skikkeleg til Noreg også, meiner ho.
For nokre tusen år sida var villsvin ein vanleg art her til lands, men så vart dei utrydda. Dei villsvina vi har her no kjem frå Sverige. Svenskane har akseptert at dei har ein livskraftig villsvinstamme, og denne blir forvalta som ein viltbestand.
– I Noreg er det eit mål om å utrydde villsvina på vår side av grensa. Den største frykta er at dei skal ha med seg sjukdomar som kan smitte tamgris. Men kor lett er det eigentleg å bli kvitt villsvina når det er så mange på den andre sida av grensa? Slik ulik forvalting blant naboland skapar ofte merkelege situasjonar og dyre tiltak, seier ho.
Fleire framande artar vil etablera seg
Marit Ruge Bjærke reknar med at med eit varmare klima i framtida, og vidare store arealbruksendringar, vil det føre til at fleire framande artar, både plantar og dyr, vil etablere seg her i landet.
Ho fryktar det vil føre til at det biologiske mangfaldet vil bli mindre, men meiner at det er viktig å hugse på at det er vi menneske som truleg er den mest skadelege arten av alle. Det er trass alt vi som har flytta desse artane i første omgang.