nyhende
Livreddande gåve til eldre ektepar
Haugaland brann og redning iks og Sveio kommune jobbar saman for å hindra brann hos heimebuande i ulike risikogrupper. Komfyrvakt kan redda liv når ein av ulike grunnar gløymer ut mat som står på kok.
Helsepersonell i Sveio kommune har eit godt samarbeid med Haugaland brann og redning iks. Etter at samarbeidsavtalen «Trygg hjemme» blei signert i fjor, gir brannvesenet mellom anna brannførebyggjande opplæring til heimesjukepleiarar og andre tilsette innan helse.
Prosjektet skal bidra til å redusera brannrisikoen hos ulike risikogrupper ved å setja inn tiltak tidleg – slik som komfyrvakt og røykvarslarar. Faktum er at 9 av 10 dødsulukker i brann skjer i eigen bustad. Av desse tilhøyrer 3 av 4 ei risikoutsett gruppe, der halvparten av desse igjen får helse- og omsorgstenester frå kommunen.
Gåve
Takka vera denne avtalen, som berre Sveio og Vindafjord er med i til no, har Haugaland brann og redning iks gitt ein komfyrvakt i gåve til Sveio kommune. Denne er no vidareformidla til eit ektepar som ikkje hadde ein slik anretning i heimen frå før.
– Det er veldig flott alt dette her. Eg vil sei at eg føler meg heldig, seier Gerd Oline Breistig. Ho og ektemannen Jakob bur på Lyngstadtunet i Sveio, og komfyren er i jamleg bruk.
Stor fare på kjøkenet
– Denne vil slå ut straumen på komfyren om det blir for varmt. Viss du set på poteter og tar deg ein kvil, vil komfyren vera av når du vaknar, fortel Salvesen – om ein ikkje har vakna av pipelyden sensoren gir, vel å merka.
Det er på kjøkenet det er størst fare for at det skal skje noko. Og til eldre ein er, jo større er risikoen, derfor er ein komfyrvakt ei fin investering – og ei fin gåve til dei som ikkje har.
Brannårsak
– Eg ser at de ikkje bruker komfyren som benkeplate og oppbevaringsplass, rosar Toskedal. Kollegaene er mykje rundt i distriktet, og ser også ting som ikkje er så tilfredstillande
– Halvparten av alle utrykningar som skuldast brann startar i og rundt komfyren, opplyser Salvesen.
Då er det fint at brannvesenet og dei kommunalt tilsette som er mykje rundt i heile kommunen hos folk, har ein allianse om å retta fokus mot brannsikkerheit. «Trygg hjemme» er òg ei eiga gruppe under førebyggjande eining i Haugaland brann og redning iks, det er her Toskedal og Salvesen høyrer til.
Krav i bustadar
Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustadar, og viss det blir lagt opp ny kurs til komfyren, same reglar gjeld for fritidsbustadar. Komfyrvaktar kan ein til dømes få tak i på elektronikkbutikkar, og kostar rundt 3500 kroner.
– Dei fleste komfyrbrannar skuldast at ein ikkje er merksam, og ikkje tekniske feil ved produktet. Ingen tar skade av å venta litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade dersom du gløymer det, seier Ole-Martin Nordstrand, leiar for førebyggjande eining i Haugaland brann og redning iks.