nyhende

Dei planlagte bustadane i Steinhaugmarka har førebels ikkje lokka nokon til å kjøpe. ILLUSTRASJON: VALVATNE BYGG AS
Dei planlagte bustadane i Steinhaugmarka har førebels ikkje lokka nokon til å kjøpe. ILLUSTRASJON: VALVATNE BYGG AS

Liten etterspurnad etter nye husvære

Blink Hus Valvatne har enno ikkje selt nokon av dei prosjekterte bustadene på Steinhaugmarka i Sveio sentrum. I Sveiåsen står salet av tomter heilt stille.

Publisert Sist oppdatert

Salskonsulent Bjørn Storebø er likevel optimist etter at dei nå har fått husbankgodkjenning og har delt opp prosjektet i fleire utbyggings-trinn.

— Det er alltid litt tregt å koma i gang, men to bustader er reserverte og me håpar å skriva under på dei første kontraktane om ikkje lenge, seier Bjørn Storebø.

Prosjektet omfattar i alt 18 husvære fordelte på to- og firemannsbustader. Første byggetrinn består av åtte husvære fordelte på fire tomannsbustader.

Gjev håp

Etter at prosjektet nå er godkjent av Husbanken, kan bustadene finansierast med inntil 85 prosent husbanklån til ei flytande rente på 1,22 prosent eller fastrente på 1,38 prosent. Desse vilkåra gir Storebø håp om at utbygginga snart kan koma i gang.

Stillstand i Sveiåsen

Også på det nye beltet i Sveioåsen går salet av tomter tregt. Ordførar Linn Therese Erve stadfestar at dei framleis berre har selt tre tomter.

Salet av tomtene på Sveiåsen 3 har enno ikkje tatt skikkeleg av, trass i sentral plassering og fin utsikt.

Storebø understrekar at dei to felta ikkje er konkurrentar, sidan det eine omfattar einebustadtomter og det andre nøkkelferdige husvære. Han trur heller ikkje marknaden for nye bustader i Sveio sentrum er metta.

— Men krigen i Ukraina, stor prisauke og aukande renter gjer folk usikre. Naturleg nok, seier salskonsulenten som håpar at situasjonen skal normalisera seg etter kvart.

Powered by Labrador CMS