nyhende

Olav Østebø Olsen (SV) ville bevara bekken.
Olav Østebø Olsen (SV) ville bevara bekken.

Liten bekk blei stor sak

Ein liten bekk blei ei stor sak då kommunestyret måndag skulle ta stilling til reguleringsplanen for Gjermundshaugen sør.

Publisert Sist oppdatert

Olav Østebø Olsen (SV) heldt eit engasjert innlegg som til tider var reint lyrisk i forma, som munna ut i eit forslag om å ikkje godkjenna reguleringsplanen. Årsaka var at ville bevara ein liten bekk gjennom området og helst også opna den delen av bekken som alt er lagt i røyr. Han hadde fleire argument for dette, mellom anna omsynet til klima, men spelte mest på kor viktig bekker kan vera som leikeplass. Fleire hadde ordet i saka, men forslaget til Olsen fekk berre fire røyster. Reguleringsplanen blei med andre ord godkjent.

Powered by Labrador CMS