nyhende
Lite håp om ferjeavgangar før i morgon
Uvêret har ramma fleire ferje- og båtruter, og Langevåg-Buavåg-sambandet er framleis innstilt. Vinden har som meldt auka på.
Når Vestavind ringer «Bømlafjord» har ferja lagt til kai i Langevåg ein del timar.
– Sikkerheita kjem først, og då er det ikkje forsvarleg å gå i trafikk slik forholda er no. Vinden har auka på etter siste turen me gjekk. Med den vindretninga som er no, er det dei lokale forholda på Buavåg som er den største utfordringa, seier kapteinen på «Bømlafjord» onsdag kveld.
Håper på først avgang torsdag morgon
– Kan det bli turar seinare i kveld?
– Me føl med både på Yr og lokalt og gjer vurderingar kontinuerleg ut frå det. Slik det ser ut no er det lite håp om turar i kveld. Første avgang i morgon tidleg er 05.45 frå Langevåg, og me håper at me kan gå då.
– Det vart sendt ut advarsel om 5-7 meter bølger på vestlandskysten i dag. Har de merka noko til det?
– Nei, det har me ikkje. Me ligg le for den retninga bølgen kjem, seier kapteinen.
Mykje vind til utpå morgonen
I Langevåg meldte yr.no opp i full storm i kasta i onsdag ettermiddag. Det er det framleis, og vinden vil vedvara til utpå morgonkvisten.
I Buavåg, som altså er utfordringa med denne vindretninga, er det i kveld «berre» liten storm i kasta. Vinden skal halda seg på dette nivået utover kvelden og natta. På morgonen meldes det sterk kuling fram til i 8-9-tida.