nyhende

Hele 87 prosent av dei spurde seier i ei ny måling at dei meiner det er trygt å gå på kafé og restaurant, med tanke på mogleg koronasmitte. Illustrasjonsfoto: Javad Parsa / NTB / NPK
Oslo 20220212. Ann Kristin Myhre (t.v.), Rannveig Welle, Selina Brem, Adrian Tobisch og Marit Fagerhaug hygger seg på Seaport restaurant på Sørenga i Oslo etter at Regjeringen opphevet koronatiltak som enmetersregelen og påbud om munnbind.

Lite frykt for koronasmitte i befolkninga

Ein av fire nordmenn trur talet på nye tilfelle av korona i Noreg vil auke. Samtidig seier seks av ti at dei ikkje er bekymra for å bli smitta.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom pandemien spurt 168.000 nordmenn om dei trur at talet på nye tilfelle av koronasmitta i Noreg vil auke, bli redusert eller bli ståande uendra.

I mai seier nesten ein av fire nordmenn – 23 prosent – at dei trur talet på nye tilfelle av koronasmitta i Noreg vil auke. 33 prosent forventar reduksjon, medan 45 prosent trur at talet blir ståande uendra.

Andelen som forventa smitteauke er på sitt nest lågaste nivå i pandemien, to prosentpoeng høgare enn april, som hittil er lågaste nivå som er målt.

Samtidig svarer 63 prosent at dei ikkje er bekymra for å bli smitta. Berre 19 prosent er bekymra. Dette er det lågaste nivået målt gjennom pandemien.

– Det er lenge sidan Noreg opna opp fullt og heilt. Folk flest er vaksinerte og mange i tillegg smitta minst éin gong. Likevel har det nok teke tid for mange å venne seg til ein normal kvardag, men det er i ferd med å skje, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion i ei pressemelding.

Dette viser seg ikkje minst i at rekordhøge 87 prosent i mai seier at dei kjenner det er trygt å gå på kafé og restaurant for tida, medan heile 95 prosent av foreldra opplever det er trygt å sende barna på skulen. Også det er klar ny rekord.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS