nyhende

Lid 4H – 50-åring som stadig fornyar seg

Lid 4H er den eldste 4H-klubben i Sveio, og feira med både haustfest og jubileumsfest på Lid grendahus i helga. – Det er spanade kvart år å sjå kva ungdomane finn på i prosjekta sine, sa klubbrådgjevar Inger Emilie Panayiotou.

Publisert Sist oppdatert

Formålet til 4H er å utvikla aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske, og grunntanken er å læra ved å gjera.

Grunnlaget i 4H sitt arbeid ligg i naturbruksnæringane og lokalmiljøet, og 4H bygger på en idé om å læra om samspel i naturen. Men den enkelte klubben står også ganske fritt innan kva dei vil jobba med.

Leia av ungdomane

Dagens leiar er Cecilie Førre Apeland (15). Ho tok på seg vervet for vel eit år sidan. Alderen på dei ho leiar er frå 4. klasse til 19 år. Medlemsalderen i organisasjonen er 10-26 år.

– Eg synest det er gøy. Og så er det greitt å ha med på CV-en når ein skal vidare i livet, seier ho.

Mykje har endra seg på 50 år, og det er ei bragd å ha klart å halda medlemsnivået på 30-40 medlemmer kvart år. Det har dei fått til ved å stadig fornya seg.

Møter, prosjekt og mange aktivitetar

– Det me har halde fast på sidan 1974 er eit fast møte i månaden. I tillegg har me mange ulike aktivitetar, og det er ungdomane som bestemmer kva me skal gjera og står for planlegginga, fortalde Panayiotou frå scena under opninga av 50-årsfesten.

Alle medlemmen har eit prosjekt dei skal fullføra i løpet av året. Kva prosjektet skal vera, bestemmer dei sjølv. Og det var stor bredde i prosjekta som vart vist fram på festdagen.

– Det er spanade kvart år å sjå kva ungdomane finn på. Før vart prosjekt levert inn i bøker, i dag er blitt innlevering digitalt, sa Panayiotou, som saman Lilly Helland har vore klubbrådgjevarar i Lid 4H i ganske mange år.

Vaksne hjelper til

For sjølv om det er ungdomane som styrer, er klubben avhengig av ein god gjeng vaksne som hjelper til. Hovudansvaret for dette har klubbrådgjevarane, og ein del av desse gjennom 50 år var også med på festen.

Det var Øystein Krossgått som starta Lid 4H i 1973 med hjelp frå Gunhild Myklebust, fagleg leiar i Etne 4H. Han dreiv Lid 4H til hausten 1978 då han flytta til Sveio. Allereie i 1974 fekk Lid fylkesleiren, og Krossgått fekk med seg Bjørg Carlsen og Solveig Hinderlid.

– Då Øystein flytta, fekk eg etter kvart hanka inn Svein Brekke som var med i mange år, fortalde Solveig Hinderlid på festen, og minnast mange kjekke turar på fylkesleirar i heile gamle Hordaland.

Svein Brekke var ein av dei som helste 50-årsjubilanten, og han fortalde korleis det gjekk til at han blei med:

– Eg skulle kjøpa tomt, og då sa Solveig at tomt skulle eg få kjøpa om eg blei med i 4H. Det enda med at eg var med i vel 20 år.

Dei fire h-ane

Kirsti Tveitaskog, leiar i Sveio bygdekvinnelag, reknar seg framleis som 4H-ar, og ho trekte i si helsing fram at 4H-løftet og dei fire h-ane også kan brukast i mange samanhengar.

– Ein kan like gjerne lova at ein skal vera ein politikar med klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse, sa ho.

Og det var ein politikar som var aller først ut med helsing, ordførar André Mundal Haukås (H). Han hadde vore på haustfest i ein annan 4H-klubb fredag, og syntes det var utruleg kjekt å få vera med 50-årsjubilanten laurdag.

– Sveio kommune er stolte over at me har eit rikt og flott organisasjonsliv. Og over at 4H bygger opp aktive og samfunnsengasjerte ungdomar med respekt for folk og natur, sa ordføraren, som hadde med seg bålpanne med diverse utstyr som gåve frå kommunen.

– Lærte svært mykje i 4H

Tidlegare medlemmer var også inviterte. Leif Bjarne Olsen frå Våga vart medlem i Lid 4H så snart han var gamal nok. Han byrja med ein sau i 6-7-årsalderen, hadde 6-7 sauer på det meste då han var guttunge, og er ikkje i tvil om at åra i 4H har bidratt sterkt til at han blei bonde.

– Eg lærte svært mykje av å vera med i 4H. Eg dreiv med sau i mange år, og var avløysar i mange år. Grønnsaker var eg også innom. I dag driv eg gard på Imsland. Heilt utan sau, men med rundt 60 storfe, 1.000 slaktegris, ved og juletre, fortel han.

Powered by Labrador CMS