nyhende
– Levetida for kaien overskriden
Den offentlege kaien i Førde er i svært dårleg forfatning, viser ein konsulentrapport som Karmsund havn IKS har innhenta.
Hamneselskapet meiner difor at det er meir aktuelt å henta inn tilbod på riving enn å finna ut kva det vil kosta å utbetra forfallet.
Ei melding om dette frå Karmsund havn IKS sin advokat blei referert i siste formannskapsmøtet. I brevet blir det mellom anna sagt at levetida for kaien truleg var overskriden alt då det interkommunale hamneselskapet overtok ansvaret.
Tilbakelevering
Karmsund havn IKS har gjort vedak om å levera kaiane i Eltravåg og Førde tilbake til Sveio kommune.
Annonse
– Me er framleis i dialog med Karmsund havn om eventuell oppgradering av kaien i Førde før tilbakelevering, seier rådmann Jostein Førre.
Kaien i Eltravåg skal vera i noko betre stand enn Førde.