nyhende
Leverte over 1000 signaturar på at skulane må bestå
Torsdag ettermiddag fekk ordførar Linn Therese Erve (Ap) rundt 1154 signaturar som seier at Vikse skule, Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter må få bestå.
Underskriftskampanjane er ein del av høyringsuttalane frå alle dei tre skulane. Høyringsfristen går ut måndag i neste veke, altså 1. februar. Saka har engasjert, dei siste vekene har det vore mange lesarbrev i Vestavind og meiningsutvekslingar i sosiale media, både frå bygdafolk og politikarar.
Torsdag ettermiddag møtte ordførar Linn Therese Erve dei tre FAU-leiarane frå skulane som kan bli berørte.
Saker og lesarinnlegg om skulestruktur er samla her.
– Me set pris på å få komma, me håpar me blir høyrde og at de lyttar til FAU i dei ulike krinsane – og andre uttalar. Skulane betyr ganske mykje. Elevane trivst og opplæringa er god, sa Monica V. Valen frå Valestrand på vegne av dei frammøtte.
Følgjer med
– Eg håpar rådmannen ikkje blir pressa opp i eit hjørne, og skal spara på økonomien for bassenget sin del, sa Marryel H. Velde, like før ordføraren fekk signaturane frå FAU ved Auklandshamn skule, bygdelaget og idrettslaget i bygda.
Linn Therese Erve takka dei alle for engasjementet.
– Frå min ståstad vil eg seia at eg ikkje har gjort meg opp ei meining enda. Eg vil sjå saka først, og lytta til innspela. Eg følgjer godt med i sosiale medium, og de skal vera trygge på at eg skal setja meg inn i saka, sa Erve til FAU-leiarane.
Ho forklarte at skulebruksplanen ikkje skal vera med på å skapa handlingsrom for å drifta badeanlegget.
– Det handlar om kva me vil med elevane våre, og korleis skulen i Sveio skal vera på eit fagleg grunnlag. Då er nummer éin for meg kvalitet i heile Sveio, sa ordføraren og Ap-politikaren.
Viktig å stå saman
Då det heile var overstått synest representantane frå skulane og bygdene at møtet gjekk greit, og som forventa. Dei siste vekene har dei argumentert, skrive lesarinnlegg, samla signaturar og høyringsuttalar for kvar sine skular, men samlast no for å møta ordføraren.
– Det er viktig å stå saman, det handlar ikkje om krins, men om kommunen i sin heilskap. Me må tenka samla. Skal Sveio vera ein hyttekommune, eller ein kommune i vekst? seier Anne Krokedal, som er leiar for FAU ved Vikse skule.
– Ho vil det beste for ungane, men eg er redd det handlar om økonomi, seier Velde ettertenksamt.
– Sveio er ein langstrakt kommune, og geografien kan ein ikkje gjera noko med. Legg ein til rette for at det skal bli som i dag, vil tettstadane bestå, seier Valen, som er redd for at barnehagen i Valestrand heng i ein tynn tråd dersom skulen vil bli lagt ned.
Rådmannen vil saman med administrasjonen leggja fram ei sak rundt starten av mars, der dei mellom anna skal sjå på rapporten frå Telemarksforsking og høyringsuttalane som har kome, for å leggja fram eit forslag til politikarane, som då vil ta saka vidare.