nyhende
Let seg ikkje stoppa av regnet
Hundrevis tok turen til Valevåg for å vera med på open gard. Der hadde Sveio Bondelag sal av lokal mat og morosame konkurransar. – Det er ein kjempeflott plass med heilt spesiell atmosfære, seier leiar i bondelaget, Steinar Vikse.
Det vart ikkje vêret dei hadde håpa på, men det synest ikkje mange å bry seg om.
– At så mange kom på trass av surt vêr, då kan det ikkje ha vore gale, seier Steinar Vikse om stemninga på den opne garden.
Trongt om parkeringsplassen
Leiaren av Sveio Bondelag fortel at dei trur om lag 250 personar var innom Einstabøvoll søndag. Parkerte bilar strekte seg langt bortover vegen frå oppvekstsenteret, og det vart trongt om plassen.
Jonathan Haugland (13) og Kristian Sørensen (14) var frivillige på open gard. Dei fortel at dei til slutt måtte be folk parkera nokre hundre meter unna, ved innkøyrselen til steinbrotet.
På garden vart det halde omvising og historieforteljing av eigar Andres Blytt. Sjølve arrangementet vart opna av ordførar Linn Therese Erve (Ap), som vart bede om å halda ei tale. Ho kom med ros til bøndene i Sveio og sa dei var ei viktig næring i kommunen.
Hest, staur og mjølkespann
Tilreisande fekk prøva seg på fleire aktivitetar. Barn som er glade i hest fekk prøva å ri, og vart mellom anna geleida av ordførarkandidat Monica Vandaskog Valen (Sp). Ho hadde lånt ut nokre av hestane sine.
Ei som fekk prøva seg som ryttar var Tiril Ferstad Nilsen (4)
Utanom mogelegheit for å vera saman med dyr, så hadde også bondelaget sett opp andre «bondske» konkurransar.
– Me hadde mjølkespannkasting, hesteskokasting og staurbering, seier Vikse.
Ei av dei som prøvde seg på å bera staur var Jenny Haldin (13). Ho fekk med seg 7 staur fram og tilbake over eit jorde.
Tilbake ved målstreken venta tilskodarar, blant anna foreldra hennar som var nøgde med innsatsen.
Vikse har ikkje resultata for konkurransane føre seg, men hugsar at rekorden var 21 staur bore, og lengste mjølkespannkast var på på heile 30 meter.
– Det er eit stykke det, humrar han.