nyhende
Les dei ukjende krigsrapportane frå Sveio april-juni 1940
Arkivverket har frigitt ei rekkje nye kjelder frå 2. verdskrig, i høve at det er 80 år sidan invasjonen og 75 år sidan frigjeringa. Dette gjeld blant anna dei til no ukjende rapportane frå ordførarane i Sveio, Valestrand og Vikebygd.
Korleis merka sveibuen invasjonen og krigen? Det NS-styrte Innanriksdepartementet oppretta eit Institutt for historisk forskning som skulle sikra kjelder for ettertida. Alle fylkesmenn og ordførarar fekk i oppdrag å beskriva krigsbegivenheitane våren 1940 i sitt fylke og sin kommune.
Sidan også Vestre Vikebygd og Valestrand i ettertid har blitt ein del av Sveio kommune, er det naturleg å ta med desse kommunane også. Dei tre 1940-ordførarane var Jakob Enerstvedt (Sveio), Elling Horneland (Valestrand) og Gunnar J. Røkenes (Vikebygd). Rapportane viser at lensmann Styrk Fjærtoft tok seg av hovudutgreiinga for dei tre kommunane.
Om «tilhøvi i Sveio lensmannsdistrikt under krigen april-juni 1940», startar Fjærtoft i sitt brev til Fylkesmannen i Hordaland med å fastslå at det første dei tok fatt på var å ordna evakuering, mobilisering, kriseråd og deretter matforsyningane. Deretter gjer lensmannen greie for kvar einskild sak:
Evakuering
Evakueringsplanar var utarbeide, nemnder var nedsett, det som etter tilhøvi kunde gjerast til fyrebuing i distriktet på dette felt var gjort. Men me venta på oppgåvor frå Haugesund, desse kom ikkje. Dette gjorde at det fyrebuande arbeid i distriktet ikkje var utført i detaljar so langt fram som det burde vore, og dette førde atter vanskar med seg den dagen det heile i stor fart måtte gjennomførast.
Den fyrste krigsdag kl. 9-11 var dei aller fleste mottakarstasjonane klar, nemndene i full verksemd, suppe eller kaffe vart kokt og stod klar då evakueringsstraumen kom veltande innover distriktet som ei tung skrede.
Dette distrikt har omlag 4.400 innbyggjarar. Me fekk i stor fart å taka imot 3.600 evakuerte. Dei aller fleste kom frå Haugesund, ein del frå Stavanger og mange frå Bergen.
Folk tok velviljug imot. Det vart i distriktet i dei dagar viste offervilje – vilje til å hjelpa – på ein måte som det med all grunn bør står respekt av.
Mobilisering
Mobiliseringsordre kom ikkje telegrafisk før den fyrste krigsdag kl. 18. Men etter telefonkonferanse med dei militære myndigheter på Tvildemoen, Voss, vart mobilieringsi sett i verk klokka 10.30.
Etter henstilling frå Tildemoen gjekk telefonbeskjed ut frå dette kontor til dei andre lensmannskontorer i Sunnhordland, og alt kl. 18-19 same dag var dei fyrste motorbåtar på veg innover mot Fjæra med soldatar. Folk forstod alvoret, ein merka seg ingen uvilje mot å drag ut, alle freista gjera sitt so langt råd var.
Kriseråd
Formelt kriseråd var i dette distrikt ikkje oppnemnt, men i grunnen danna dei tri ordførarar saman med lensmannen kriseråd for distriktet. Ein konferera dagleg, hadde møter og stod saman om dei vanskar som melde seg.
Matforsyning
Det var då krigen tok til små matlager i distriktet, særleg i Sveio herad. I Vikebygd og Valestrand var det noko betre, men også her var det små lager. Fylgjen av dette var at alt den fyrste fredag etter fredsbråtet vart det meld til lensmannskontoret at så å segja alle butikkar i Sveio herad var tome.
Også frå Vikebygd og Valestrand kom det melding om det var lite mat å få hjå handelsmennene, dei var utselde, noko måtte gjerast og det straks.
Av dette kontor var det difor kalla saman til møte på lensmannskontoret alt laurdagen. Til møte var kalla inn formannen i Haugesunds forsyningsnemnd, som då var i Førde, fleire andre formåande menn i byen, som også var evakuera til distriktet, ordføraren, forsyningsnemndsform. og fl.
I samråd med desse menn var det arbeidt ut ein plan som førde til at ein av dei fyrste dagar deretter fekk inn til distriktet mat frå Haugesund for omlag kr. 40.000 kroner. Dei fyrste vanskar på dette felt var fjerna.
Jordbruket
Ein såg det slik at det var særleg om å gjera straks å kunna skaffa til distriktet mest mogeleg kunsthevd, nok poteter til så og dertil få til planmessig dyrking av poteter.
Med dette for auga vart det i Vikebygd herad gjenomført den ordning at jordstyremenn gjekk frå gard til gard, dryfte planane med kvar einskuld gardbrukar, skaffe hevd, skaff såpoteter og fekk det heile i godt gjenge. Det viste seg at folket stort sett var viljuge til å fylgja alle tilvisingar på dette felt, og det førde til at poetdyrkingi nådde høgd som visst aldri verken før eller seinare i dette herad. Stort sett var det på same måte også i Valestrand og Sveio.
Betalingsmåten
Mangel på kontantar skaffa store vanskar, men ved planmessig å bruka dei setlar ein både i banken, i offentlege kassar og hjå private kunde få saman so lukkast det å finansiera dei innkjøp til mat og kunsthevd som det her er nemnt. Også checksystemet var mykje bruka saman med tilvisingar.
Kommunikasjon
All sjøværs samferdsla vart i fyrstningi bråten. Smått om senn tok ein til å ferdast med robåtar, også over lengre strekningar, og så med motorbåtar. Det gjekk, om enn med møye.
I dette distriktet var det rutebilferdsla som formidla trafikken til og frå Haugesund. Og det kan ein segja: Rutebilane klarte denne oppgåva etter tilhøvi langt betre enn ein kunde ha venta.
Det var under store vanskar at dei evakuerte kom seg frå byen og til distriktet. Dei fleste av dei evakuerte vart buande her heile sumaren 1940, reiste attende fyrst etter ferien 1940. Det er klart dette førde med seg at rutebilane heile sumaren gjekk overbelasta. Ein fann det under desse tilhøve naudsynt å måtte sjå gjennom fingrane med alle reglar og forskrifter vedk. trafikken med rutebilane, det bilane kunde få med seg måtte dei taka for at ikkje trafikken skulde stoppa opp. Uheld som fylgje av overbelastning skjedde ikkje.
Moralen
Folket viste stor ro og sindigheit under kampane og det som etterpå kom. Moralen var god, offerviljen var stor, ein hadde sterk kjensle av at folket vart sveisa saman.
Sveio lensmannskontor, 30. juli 1942.
Styrk Fjærtoft, lensmann
Valestrand
Herr fylkesmannen i Hordaland
Går attende med di det vert opplyst at når ein tek unna visse kommunikasjon-vanskar, og som fylgje derav vanskar med matforsyningi, var heradet utanfor krigshendigane i Norge i april – juni 1940. Om mobilisering og om korleis det vidare gjekk dei som reiste avstad, kan lensmannen best gjeva opplyning som.
Valestrand formandskap 30/9-1944
Elling Horneland, ordførar i Valestrand
Sveio
Ad. materiale om krigsbegivenhetene i Norge i april-juni 1940.
Om dette kan meddeles, at Sveio kommune ikkje direkte var berørt av krigen. Her var 10 mann, som var mobilisert og alle kom velberget heim. 4 mann er omkommet ved krigsforlis.
Jakob Enerstvedt, ordførar i Sveio
Tjernagel 9. mai 1942
Vikebygd
Med di eg visar til brev frå hr. Fylkesmannen av 15. juli d.å. skal eg opplysa: I Vikebygd herad var det ikkje noko direkte krigshendingar våren 1940, men likevel hadde ein her, som i bygdene elles, ei sterk føling av kva krigen førde med seg.
Alle kommunikasjonar sjøvegen stogga, og då vareførsla frå byane av den grunn tok slutt, truga det straks med å verta matnaud i bygda. Dette var so mykje meire trugande avdi folketalet vart stort på grunn av evakueringa. Då all samband med administrasjonen var brote, laut ein på eiga hand taka dei rådgjerder ein fann turvande, og som var mogelege, for å skaffa det som mest trongst. Og dette gjekk betre enn ein kunde venta.
Det let seg gjera straks å få til bygda eit større parti matkorn, og av omsyn til mogelege krigshendingar vart kornet spreidd utover bygda i mange smålager. Eit større parti kraftfôr fekk ein også inn i bygda. Ein vende seg til Haugesund for å få andre varer, og kjøpmennene der synte stor velvilje og forståing, slik at bygda straks var godt forsynt av dei varer som mest trongst.
Bygda tok imot svært mange evakuerte frå Haugesund, slik at det vart fullsett med folk i alle hus. All evakuering var friviljug og ein kan segja at både partar synte skjønnsemd og godvilje. Alt gjekk difor knirkefritt i så måte.
Folket tok hendingane med stor ro, og arbeidet tok straks til å gå sin jamne gong. Noko lovbrot eller uro på nokon måte merka ein ikkje.
Vikebygd Formannskap 14/8-1941
Gunnar. J. Røkenes, ordførar i Vikebygd