nyhende
Leiteaksjon etter eldre mann som hadde gått seg vill
Mannen i 80-åra melde klokka 05.17 søndag at han hadde gått seg vill i Sveio i løpet av natta.
Det blei sett i verk ein redningsaksjon med frivillige leitemannskap, redningshelikopter og redningsskøyte i tillegg til politiet.
– Mannen hadde ei formening om kvar han var, og han blei funnen i dette området av politiet klokka 06.51, opplyser operasjonsleiar Helen Rygg Ims ved Sør-Vest politidistrikt.
Mannnen var i god behald, men kald, og blei frakta til sjukehus.
Politiet takkar dei frivillige som meldte seg til teneste.