Første veka i juni kvart einaste år, arrangerar Ekrene Natur og gårdsbarnehage «Friluftsuka».
Ifølgje barnehagestyrar Vegard Tollaksen er dei ute heile dagen og gjer ulike aktivitetar på kvar avdeling gjennom heile veka. Det heile blir toppa med overnatting i lavvo for førskuleborna frå torsdag til fredag.
I år har farging av ull, trebåtsnekring, tur til bunkersane, spikking, topptur og naturlotto stått på menyen. Denne veka har borna også fått middag kvar dag, kor all mat blir laga anten på bål eller stormkjøkken.