nyhende

Bygdefolk reagerer:

Lei av forsøpling ved Haraldsplass

I samband med oppgradering av Bømlafjordtunnelen blei rundt 100 gamle vifter teken vare på og mellomlaga ved Haraldsplass i Valevåg. Det er to år sidan no.

Publisert Sist oppdatert

– Rette vedkommende må ta tak i dette og få fjerna vifter og anna som ikkje høyrer til ute i naturen. Me her nord vil gjerne visa vårt nærområde på ein betre måte, seier Kjell O. Møllerhaug.

I følgje valestrendingen var viftene i utgangspunktet pakka inn, men no fyk plasten rundt i området. Ein søppelplass er også etablert like ved.

Gjenbruk

Torstein Eide, byggjeleiar automasjon, for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, har forståing for at det blir oppfatta at det ikkje tek seg fint ut når han får sjå bilete. Han registrerer også at det er etablert ein søppelplass ved sida av, og som han ikkje kan svara for.

Ifølgje byggjeleiaren blei viftene lagra med tanke på gjenbruk, og Haraldsplass blei vald som lagringsplass grunna nærleiken til tunnelen, og at det er lite bebygd i nærleiken.

Lovar å ordna opp

– Vår tanke er framleis gjenvinning, og eg lovar å finna ei løysing. Me vil å sjå over viftene og finna ut kva som kan gjenbrukast og kva som kan kastast, lovar Eide.

Totalt på Vestlandet har Statens vegvesen ansvar for 477 tunnelar.

Powered by Labrador CMS