nyhende

Nesten ein av tre opplever dårlege forhold mellom tilsette og leiing på arbeidsplassen. Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB/ NPK
Nesten ein av tre opplever dårlege forhold mellom tilsette og leiing på arbeidsplassen.

Lei av dårleg leiing

Nesten ein av tre opplever dårlege forhold mellom tilsette og leiing på arbeidsplassen. Kan ei sertifiseringsordning vere løysinga?

Publisert Sist oppdatert

Den triste statistikken kjem fram i Arbeidsmiljø- og levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Det er bekymringsverdig kor mange dårlege leiarar det er. Tala indikerer at kvar tredje sjef ikkje er eigna for å sitte i ein leiarposisjon, meiner marknadsførar, foredragshaldar og forfattar Fredrik Fornes.

Gjennom foredrag og i sosiale medium fortel Fornes historier om dårleg leiing. Han får dagleg inn meldingar frå folk som mistrivst med sjefen sin.

– Innboksen min er overfylt. Eg har ei full notisblokk på telefonen min med eit lager av forteljingar. Frykteleg mange fortel om dårleg leiing, seier han til Nynorsk pressekontor.

Fredrik Fornes ønskjer seg ei sertifiseringsordning for alle som vil bli leiarar.

Sertifisering

Fornes ønskjer at alle som skal inn i leiarstillingar bør få eit «godkjentstempel».

– Eg vil ha ei slags sertifiseringsløysing for alle som skal ha personalansvar. Ei form for kursing som krev eit nytt nivå av kompetanse. Eg trur at det er grunnleggande at ein ikkje berre ser på kor god ein er i faget sitt – dei mellommenneskelege evnene og kommunikasjonsevnene er vell så viktige. Ei slik ordning ville ikkje tatt vekk alle dårlege leiarar – for det vil alltid vere narsissistar som snik seg gjennom, men eg trur likevel at ein hadde luka ut mange som var ueigna. Leiarar har direkte innverknad på korleis dei tilsette føler seg – både på jobb og heime, seier Fornes.

Per-Magnus Moe Thompson er førsteamanuensis i organisasjonspsykologi ved Institutt for leiing og organisasjon på Handelshøyskolen BI. Han kjem med dette svaret når vi presenterer Fornes» forslag om ei sertifiseringsordning:

– Du kan skrive at BI-forskaren er skeptisk, seier han og ler hjarteleg.

Per-Magnus Thompson fortel at dei beste leiarane i 2025 vågar å vere audmjuke og opne om svakheitene sine.

Gode intensjonar

Thompson meiner det store poenget bør vere at dei aller fleste som seier ja til ei sjefsrolle har eit ønskje om å gjere ein god jobb.

– Det er få som står opp om morgonen og tenker at dei har lyst til å lage kvalme, seier han.

I staden for ei sertifiseringsordning ser han for seg at apparatet rundt erkjenner at vedkommande treng påfyll, hjelp og støtte.

– Å ta leiarutvikling på alvor – både internt i organisasjonen og i det daglege er ekstremt viktig. Interne utviklingsplanar, kurs og gode rutinar må vere på plass. Ein må etablere fellesskap der leiarar får snakka om utfordringar og kan hjelpe kvarandre. Det er veldig lov å vere ein leiar som søkjer råd, støtte og hjelp innanfor kollegiet. På det punktet er det ekstreme variasjonar i norsk arbeidsliv i dag, seier Thompson.

Leiarrolla i endring

I ei tid der samfunn og arbeidsliv stadig er i endring kan det òg vere utfordrande å henge med. Difor er det viktig at leiarar er opne om kva utfordringar dei har.

– Audmjukskap er blitt meir og meir sentralt både i leiarutdanningane og for leiarar ute i arbeidslivet.

Ifølgje forskaren skulle ein på 1990-talet og på tidleg 2000-talet ha sjefar med visjonar og som folk såg opp til.

– I dag skal ikkje ein god leiar berre vere eit individualistisk eg. Gode leiarar i dag er heilt avhengige av leiargruppa si og kjem fram til god avgjerder saman med andre. Ansvaret ligg framleis hos øvste leiar, men det handlar meir om å diskutere og reflektere saman, seier Thompson.

Konsernsjef Pablo Barrera i Haugaland Kraft blei i fjor kåra til Årets leiar.

Flat struktur

Ein som nyleg har hausta anerkjenning for leiarstilen sin er konsernsjef Pablo Barrera i Haugaland Kraft – eit konsern med om lag 600 tilsette. Han blei i fjor kåra til Årets leiar av HR Norge. Vi spør Barrera om han har ein audmjuk leiarstil:

– Det er det kollegaene mine som kan svare best på, svarer han òg ler audmjukt.

Han er likevel klar på at det heile tida er viktig for han å søkje råd og hjelp hos kollegaer.

– Eg er opptatt av å ta dei beste avgjerdene, og skal eg klare det må eg ofte inkludere kompetanse og kunnskap som eg ikkje sit på sjølv. Eg har ingen utfordringar med det og har vore veldig tydeleg med dei rundt meg på at eg med visse avgjerder søkjer å få belyst ting frå andre som kan ting betre enn meg. Ser du på kompleksiteten i kva det inneber å vere leiar i dag, så har hastigheita gått så mykje opp at du ikkje greier å bli spesialist på alt. Då må du ha evna til å søkje råd frå dei rundt deg som kan ting betre, fortel han.

Ute i felt

Barrera er òg oppteken av å vere ute i felt med jamne mellomrom og møte «gutane på golvet» eller i Haugaland kraft sitt tilfelle, «nettmontørane i mastene».

– Det er ein fin måte for meg både å lære og samstundes ha kontakt og dialog med dei tilsette som er ute i felt. Eg står side om side med lærlingar, folk som har jobba her kort og folk som har jobba her lenge og lærer meg nye ting. Det er ein av måtane eg prøver å vere synleg på og vise interesse for kva som skjer ute, seier konsernsjefen.

Powered by Labrador CMS