nyhende
Lego-brørne klare for finale
Tvillingbrørne Ole Jakob (21) og Øyvind Vikse Bjelland (21) frå Sveio er klare for finalen i TV2-sendte Lego Masters.
— Vi hadde vel aldri trudd at vi skulle kome til semifinalen ein gong, sa ein jublande Øyvind Vikse Bjelland då det var klart at finaleplassen var sikra i det TV2-sendte programmet LEGO Masters fredag kveld.
— For å vere ærlig trur eg ikkje vi trudde vi skulle kome vidare frå det første programmet, la broren Ole Jakob til med eit stort smil.
Høgt nivå
Saman med broren Ole Jakob har han sjarmert sjåarane med talent og godt humør i haust. Fredag imponerte dei brikkemeister og dommar Erik Legernes nok ein gong, og denne gongen i sjølvaste semifinalen i konkurransen som handlar om å utfolde seg med Lego-klossar i høve til utdelte oppgåver.
— Nivået er kjempehøgt no, det er ikkje rom for feil, konstaterte dei to brørne frå Sveio i innleiinga av programmet.
Framtidsvisjon
Etter 14 timar med intens bygging var brørne i mål med oppgåva si. Dei hadde bygd ei framtidsfortelling frå år 3077, med is-landskap, vindturbinar og romskip.
— På dette tidspunktet går ikkje jorda i bane rundt solen lenger. Det er litt andre leveforhold. Det er slutt på olja, men heldigvis har dei funne ressursar i isen, forklarte dei og la til at dei var nøgde med eigen innsats.
Brikkemeisteren likte best køyretøya dei hadde laga.
— Og bygningane og vindmøllene gir truverd til historia, sa han.
Det einaste han pirka på var at han hadde ønskje at brørne hadde vore meir strategiske med plassering av minifigurane.
Spenninga for Sveio-brørne vara heilt til slutt, då det var dei og eit lag beståande av Bård Nome (54) frå Sandefjord og Reier Pytte (53) frå Hamar som sto att då dei to første finalebillettane var delt ut. Jubelen var difor stor blant brørne då det ble klart at det var dei som fekk den siste billetten.
Sveio-gest
Mellom konkurrentane er Ebbe Wang (15) og faren Joakim (50) frå Oslo. Dei la inn ein overraskande gest til dei to konkurrentane frå Haugalandet då dei viste fram løysinga på si oppgåve som var Vikingtida.
— Velkommen til Sveio år 813, og sannsynlegvis utgangspunktet og tuftane til familien til tvillingane, smilte Joakim under presentasjonen av flotte langhus og vikingskip.
Sveio mot Oslo, Etne og Sauda
Finaleprogrammet blir sendt fredag 17. desember. I potten ligg 500.000 koner. Der blir det i praksis eit lokaloppgjørl, for i finalen står i tillegg til Joakim og Ebbe Wang frå Oslo, også eit team beståande av Grzegorz Gorczynski frå Etne og Are Odland frå Sauda.