nyhende

Ole Jakob (t.v.). og Øyvind Vikse Bjelland kunne fredag kveld endeleg snakke opent om korleis det gjekk i finalen i Lego Masters. — Ei fantastisk oppleving å vere med i programmet, seier finalistane frå Sveio.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ole Jakob (t.v.). og Øyvind Vikse Bjelland kunne fredag kveld endeleg snakke opent om korleis det gjekk i finalen i Lego Masters. — Ei fantastisk oppleving å vere med i programmet, seier finalistane frå Sveio.

Lego-brørne har noko nytt på gang

Tvillingbrørne og Lego-ekspertane Ole Jakob og Øyvind Vikse Bjelland (21) har sett Sveio på kartet i beste sendetid på TV2 i haust. Dei fekk andreplass i Lego Masters, har fått smaken på underhaldningsbransjen og røper at det er meir på gang.

Publisert Sist oppdatert

I haust er det mange fjernsynssjåarar som har følgt alle dei kreative laga under TV2-sendte Lego Masters i beste sendetid. Fredag kveld gjekk den store finalen av stabelen. Tre lag hadde etter meir enn 100 timar kvar med kloss-kunst kome seg til finalen kor dei kjempa om å bli kåra til dei flinkaste Lego-byggarane. Ein halv million kroner i kontantar og eit gåvekort på Lego til ein verdi av 100.000 kroner låg venta i premie til vinnarlaget.

— Stor oppleving

Tvillingbrørne Ole Jakob og Øyvind Vikse Bjelland (21) frå Sveio utgjorde eitt av dei tre finalelaga. Og det vart spenning heilt til siste minutt. For etter at Grzegorz Gorczynski og Are Odland, frå høvesvis Etne og Sauda, vart tildelt tredjeplassen i finalen, så var det berre Sveio-brørne og Joakim Wang og sonen Ebbe frå Oslo som sto att då vinnaren skulle kårast.

Diverre for tvillingane var det far og son Wang som til slutt vart kåra som vinnarar.

— Det var litt surt akkurat då vinnaren vart lest opp, når me var så nærme som vi var, seier Øyvind.

Men skuffelsen rista dei raskt av seg med ein gong.

— Heile opplevinga vi har hatt med Lego Masters er verdt mykje meir enn ei halv million, smiler dei.

Munnkorg

Finalen vart spelt inn i juli månad. Då hadde dei i forkant vore på innspeling sidan i mai. På ti veker var dei heime berre éin gong.

— Det var intense veker. Og tidvis var vi veldig slitne. Men samtidig var det jo berre gøy, heile tida, forsikrar dei.

I fem månadar har dei hatt munnkorg om kven som vann og kva som skjedde undervegs i episodane.

— Det har vore krevjande, for det er fort gjort å røpe noko. Til dømes når folk har spurt om kva vi har likt best å bygge. Då har me måtta tenke nøye på kor mange episodar som var sendt, for ikkje å røpe noko, fortel Øyvind.

— No, når dykk har lov til å svare, kva byggverk er dykk mest nøgd med?

— Finale-bygget var kjekkast, seier dei.

I finalen fekk laga for første gong bygge kva dei ville. Tvillingane gjekk for å bygge ein fantasiverden bygde på gresk mytologi. Ein drage med to hovud i kamp med ein kjempande landsby-vaktar var sentrald i byggverket som vart skapt i løpet av dei 25 timane dei hadde til rådigheit.

Mange helsingar

Då Vestavind fredag ettermiddag besøkte duoen heime på Vikse, kor dei bur saman med trillingsøstera Lise Marie, var dei i gang med å sete saman andrepremien. Dei fekk nemleg eit gåvekort på 30.000 kroner å handle for.

Mens avisa var på besøk rann det inn SMS-ar til brørne, frå både kjende og ukjende.

— Me har fått meldingar frå folk i hele landet som har støtta oss. Veldig kjekt, smiler dei.

Dei set også stor pris på all støtta dei har fått heime i Sveio.

— Me har fått mange meldingar frå vener og kjendte, og vi har sett i sosiale media at mange frå Sveio har heia på oss. Det er veldig hyggelig, seier dei.

At dei har sjarmert mange er det liten tvil om. Også eit og anna ungt kvinnehjerte.

— Ikkje visste eg at Lego var så sexy, spøker Ole Jakob.

Han kan fortelje at det ekstra stas då God Kveld Norge-programleiar og bloggar-kjendis Sophie Elise Isachsen kommenterte at dei var søte.

— Det var jo litt stas, smiler Ole Jacob.

— Men dykk er framleis single?

— Så single som det går an, ler dei.

Gir ut musikk

Dei legg ikkje skjul på at dei har trivst godt framfor kamera, og dei er ikkje framande for tanken om å delta i andre tv-program.

— Lego Masters har vore ei kjempefin oppleving. Og om TV2 vil ha oss med på noko anna, så er vi nok klare for det, smiler dei.

Og det kan bli meir Vikse Bjelland å legge merke til ganske snart. Dei siste dagane har dei jobba med innspeling av musikk. Dei både spel gitar og syng. På nyåret slepp dei siste første låt.

— Det blir artig å få vist fram ei anne side av oss, smilar dei.

Dei fortel at dei eigentleg er glad i litt hard musikk.

— Difor vil nok dei som kjenner oss vere litt overraska over at det vi gir ut er litt mjuk rock, smiler dei.

Fredag kveld la musikarane Ole Jakob (t.v.) og Øyvind finpussen på den første låta dei skal gi ut.

Dei har også stifta kvar sine enkeltpersonføretak som indikerer at det kan bli meir å sjå til brørne. Høvesvis Bjelland Underholdning og Bjelland Underholdning Volum 2.

— Vi får sjå kva det blir til, men vi får jo prøve å smi mens jernet er varmt, smilar dei lurt.

Dei er elles nyleg ferdig utdanna elektrikarar, og tar for tida påbygg på Karmsund vidaregående skule i Haugesund, for å kvalifisere seg til høgare studier.

Men inntil vidare er dei mest kjende for å vere blant dei beste Lego-byggarane i landet. Dei synes også det er kjekt å ha sett Sveio på kartet på nasjonalt fjernsyn.

— Solbakken (Erik, programleiar, red.merknad) sa etter finalen, at no har han høyrd om og snakka så mykje om Sveio at han ville kome på besøk for å fiske, smilar dei.

Powered by Labrador CMS