nyhende
Legg ned skybatteri-ordninga
Haugaland Kraft hausta storm då selskapet i august varsla endringar i skybatteri-ordninga. No har energiselskapet snudd. Vilkåra blir ikkje endra. Derimot blir heile ordninga med skybatteri avvikla.
Haugaland Kraft kunngjorde dei nye vilkåra 13. august, og meininga var at dei skulle gjerast gjeldande frå 20. september. Fram til då hadde kundar med solcelleanlegg hatt høve til gratis lagring av overskots-straum i eit såkalla skybatteri, for så å selja krafta når straumprisen er høg.
Endringane som energiselskapet varsla, gjekk ut på at gratistenesta skulle erstattast med ei abonnementordning. For kundar med minst 10.000 kilowattimar på lager ville månadsprisen for lagerleige blitt 2.499 kroner.
Sterke protestar
Kundane reagerte på dette, mellom anna fordi Haugaland Kraft hadde brukt gratis lagring av overskotsstraum som eit salsargument i marknadsføringa av solcelleanlegg. Etter mange reaksjonar frå solkraftkundar, også i Sveio, klaga Forbrukerrådet vilkårsendringane inn for Forbrukertilsynet.
– Eg kjenner meg lurt av Haugaland Kraft, sa sveiubuen Torkel Hamre den gongen.
Den kjensla er ikkje mindre i dag. Men vedtaket om nedlegging kom ikkje heilt uventa, medgir han.
– Det einaste me no kan håpa på er at Enova kjem med ei tilskotsordning for batteripakkar, seier Hamre.
Han har sjekka litt og funne ut at batteri til lagring av overskotskraft vil kosta 300.000 kroner for hans del. Ei slik tilleggsinvestering blir ikkje aktuell utan tilskot, seier han.
Beklagar, men avviklar
Måndag svarte Haugaland Kraft med å trekkja vilkårsendringane. Solkraftkundane får framleis lagra gratis fram til 31. desember. Men då er det også slutt. Heile skybatteriordninga blir avvikla. Dette vedtaket, som mellom anna er kunngjort på Haugaland Kraft si nettside, blei først omtalt i Haugesunds Avis.
Haugaland Kraft grunngir nedlegginga med at skybatteri er for økonomisk risikabel for selskapet på grunn av store variasjonar i straumpris gjennom døgnet.
Haugaland Kraft beklagar ulempene dette medfører for kundane, heiter det i meldinga på nettet.
Blant dei siste til å endra
– Me har ikke fått nokon negative tilbakemeldingar eller klager på den informasjonen me nyleg har delt. Tvert imot har mange sagt seg viljuge til å betala for tenesta, og dei vil nytta skybatteri-ordninga til den blir avvikla i slutten av desember, skriv direktør for kommunikasjon og kundetenester i Haugaland Kraft, Gunn Margareth Lassesen i ein e-post til Vestavind.