nyhende
Legg gras i miljøgata
Tysdag morgon er Mesta på plass i Sveio sentrum for å utbetra områda for dei mjuke trafikantane i miljøgata.
Ein 1000-liters sekk med jord og nokre pallar med rulla gras er på lasteplanet når Mesta vitjar Sveio tysdag morgon. To tilsette er i full gong klokka 09.30 med å rulla ut nytt gras som skal dekka jordflekkane i miljøgata.
Tiltaket er ein del av utbetringa som Vestland fylkeskommune har bestilt i frå Mesta. Kontrollingeniør i fylkeskommunen Karen Rørlien har tidlegare forklart at målet er å gjera det meir triveleg på staden.
– Me skal få oppgradert litt og skifta ut underlaget. Difor skal me legga gras der og flytta steinane bort til sidene. Me skal ta vare på trea. Me håpar at det vert meir triveleg å sitja på benkane. Særleg når våren kjem att, sa Rørlien