nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft peikar på årsaka til at legekontoret må flytta: Vasslekkasje i noverande lokale på kommunehuset. Foto: Einar Vestvik
Kommunalsjef Ingunn Toft peikar på årsaka til at legekontoret må flytta: Vasslekkasje i noverande lokale på kommunehuset.

Legekontoret flyttar til Klokkarbakken

Sveio legekontor blir midlertidig flytta til Klokkarbakken på Sveio omsorgssenter, opplyser kommunalsjef helse og omsorg Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

– Flyttinga startar fredag og held fram gjennom helga. Legekontoret blir stengt måndag, og så kjem me tilbake med meir informason etter kvart, seier Toft.

Sjølv om flyttinga startar fredag, vil legekontoret i kjellaretasjen på kommunehuset vera ope til klokka 12.00 som vanleg denne dagen, understrekar Toft.

Årsaka til flyttinga er vasslekkasjen som Vestavind har omtalt tidlegare i veka. Vasslekkasjen vil også medføra at helsestasjonen må flytta til midlertidige lokale.

– Men dei har nokre månader på seg. Helsestasjonen kan vera der han er fram til rivingsarbeidet startar, fortel kommunalsjefen.

Det er ikkje avgjort kor helsestasjonen skal lokaliserast medan reparasjonsarbeidet pågår.

Powered by Labrador CMS