nyhende

Legekontor stenger etter vasslekkasje

Sveio kommune må i løpet av veka finna ei midlertidig løysing for Sveio legekontor. Lokala i kjellaretasjen på kommunehuset blei sist veke utsette for vasslekkasje og må stengast for reparasjon.

Publisert Sist oppdatert

–  Heile røyropplegget må skiftast ut. For å få til dette må mykje rivast. Det er ein omfattande jobb som vil ta mellom seks og tolv månader inkludert planlegging, seier kommunalsjef helse og omsorg Ingunn Toft til Vestavind.

Dei økonomiske konsekvensane av lekkasjen har ho ikkje oversikt over. Saka er meldt inn til forsikringsselskapet, seier ho.

Sist måndag

Vasslekkasjen inntraff sist måndag, men først fredag ettermiddag blei det klarlagt kor stort skadeomfanget er. Denne veka er den eine av dei to legane ved Sveio legekontor på kurs. Kontoret til den andre legen er intakt og i bruk så langt.

– Me improviserer og slusar pasientane via helsestsjonen seier Toft, som tysdag deltok i hektisk møteverksemd for å finna alternative lokale.

Ho fortel at ei rekke kommunale og private bygg er blitt vurderte som midlertidige lokale for legekontor. Dei mest aktuelle er Albatross og Klokkarbakken på Sveio omsorgssenter.

Ho vil vita meir i slutten av veka. Planen er å flytta legekontoret i løpet av helga.

Politisk sak

Framtidig lokalisering av legetenesta i Sveio er alt ei sak på den politiske dagsorden i Sveio. Toft seier at administrasjonen difor vil ta opp med politikarane kva som skal gjerast med det vasskadde legekontoret i kommunehuset før reparasjonsarbeidet blir sett i gang. Dette vil bli tema for neste politiske møteserie, seier Toft. Hovudutvalet for helse og omsorg er alt orienterte om situasjonen.

– I mellomtida satsar me på så normal drift som mogleg, seier kommunalsjefen.

Powered by Labrador CMS