nyhende
Sak om ny barnehage i Sveio sentrum:
Ledig kapasitet får politikarane til å ta ein tenkepause
Det er rundt 100 ledige barnehageplassar i Sveio i dag. Det får politikarane til å ta ein liten stopp i planlegginga av ny Sveio barnehage – for å sjå om det finst konsekvensar om ein lagar enda fleire plassar.
For nokre månadar sidan blei det bestemt å gå i gong med planlegging av ny Sveio barnehage. Framdrift var eit stikkord, slik at prosjektet kunne gå ut på anbod i 2022. Rådmannen har presentert ulike fire tomtealternativ rundt Sveio sentrum, og har utpeikt det han meiner er ei eigna tomt til føremålet.
Då saka blei behandla måndag, blei Ole Johan Sveen, uavhengig representant, erklært som partisk i saka, då han eig fleire av tomtene som er foreslått. Då Sveen gjekk frå møtet, møtte Carl Enoksen (H) som vara. Med denne justeringa ville opposisjonen i utgangspunktet hatt fleirtal i lag, men det skulle visa seg at alle politikarane blei einige om eit vedtak i saka.
Overkapasitet
John Kristian Økland (H) var først på talarlista. Han trekte mellom anna fram at det er betydeleg overkapasitet i barnehagane i dag.
– Samtlege barnehagar har ledig kapasitet. Får me fylt dei opp igjen? Me må sjå på kva som er situasjonen når me skal vedta å utvida barnehagekapasiteten, sa Økland, som la fram eit felles forslag til vedtak frå opposisjonen, beståande av Høgre, KrF, Sp, MDG og SV.
I tillegg til ei utgreiing om moglege konsekvensar ved å auka kapasitet når det er såpass mange ledige plassar, ønskte dei samarbeidande partia også å få eit utkast over korleis eksisterande barnehage kan rustast opp.
Klok investering
På vegne av Ap, FrP og dei to uavhengige la Håkon J. Skimmeland (Ap) fram eit framlegg til vedtak, som vidarefører planlegginga på den eksisterande tomta til Sveio barnehage.
Partikollega Asle G. Halleraker (Ap) presiserte at han ser på ny Sveio barnehage som ein erstatning for den gamle.
– Me synest det er klokt å investera i ny barnehage, tilpassa framtida for ungane i Sveio kommune. Ein kan opna og lukka avdelingar alt etter barnekonjunktur for å driva mest mogleg effektivt, sa Halleraker, optimist på Sveio sine vegner. Han hadde også ein kommentar til habilitet, og at den eine kommunestyrerepresentanten måtte forlata møtet.
Habilitet
– Skulle me lagt barnehage på tomta til ein kommunestyret, ville han vore inhabil. Her var eit anna tomtealternativ som ikkje berørte vedkommande representant, som er fullstendig habil i saka, utan økonomiske interesser. Eg meiner me bør vera veldig forsiktige med å erklæra inhabile på sviktande grunnlag, sa Halleraker.
Etter eit gruppemøte, kunne John Kristian Økland (H) presentera eit forslag til vedtak, som alle politikarane gjekk inn for: Rådmannen får i oppdrag å utgreia forventa konsekvensar for barnehagesektoren dersom kommunen etablerer ytterlegare barnehageplassar i tillegg til det eksisterande overtalet på rundt 100 plassar.