nyhende
Laurdag blir vi alle inviterte til å sove ute
Laurdag 6. september er det igjen klart for «Natt i naturen», der heile Noreg blir invitert til å overnatte ute. Også i Auklandshamn blir det lagt opp til felles overnatting på Hestahamro.
Den nasjonale ute-natta markerer starten på Friluftslivsveka, som byr på over 1100 turar og arrangement over heile landet 6.–14. september.
– «Natt i naturen» er ei lågterskel moglegheit til å oppleve gleda ved å sove ute. Mange trur ein må reise langt eller ha mykje utstyr for å overnatte ute, men natta kan like gjerne bli brukt i hagen, på verandaen eller i næraste skogholt, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.
«Natt i naturen» har vore ein årleg tradisjon sidan 2015. Norsk Friluftsliv ventar at fleire tusen menneske over heile landet kjem til å sove ute denne natta i år.
Lokalt tilbod
Lokalt blir det arrangert «Natt i naturen» på Hestahamro i Auklandshamn 6. september, med påmelding.
Her kan ein slå opp telt eller hengekøye, eller finne seg ein plass under open himmel. Vil ein, kan ein òg ta natta på verandaen.
Deltakarane blir oppmoda til å ta med sovepose, liggeunderlag, varme klede og det dei elles ønskjer å bruke for å få ei god natt ute.
– Det er noko magisk ved å vite at tusenvis av oss søv ute under same himmel. Om du ligg i telt i Tromsø, i hengjekøye i Haugesund eller på terrassen i Tønsberg, deler vi alle den same naturopplevinga, seier Lier.
For å delta treng du berre å ta med deg sovepose, telt, hengjekøye eller det du føretrekkjer å sove i, nok mat, drikke og varme klede. Du kan delta åleine eller saman med andre.
Fleire stader i landet arrangerer lokale lag og foreiningar opne fellesovernattingar. Desse finst i aktivitetskalenderen for Friluftslivsåret.